Hellisøy fyr - eksotisk i havgapet
Stad: Fyr og fyrvaktarbustad i Fedje kommune.
Type attraksjon: Spesiell overnattingsmulegheit.
Endret 17.08.11 17:08
I 2004 kåra den britiske avisa «The Observer» verdas 15 beste stader å besøka. Hellisøy fyr kom med på lista, og på det lokale turistkontoret er dei ikkje i tvil om at fyret er verd eit besøk.
– Ei natt på fyret er ei eksotisk oppleving uansett vêr, seier Trond Ågotnes, som hjelper turistane som kjem til Fedje.
Fyret ligg på ein holme for seg sjølv. Båtturen over fyrsundet tek ikkje mange minutt, men vêrforhalda gjer at det ofte er betre å gå med båt frå Fedje hamn. Med havet som nærmaste nabo må ein vera førebudd på røffe forhold, men fyret har overlevd vind og vær sidan det vart bygd i 1853-54 og er solide saker.
– Dette er eit av to støypejernsfyrtårn her i landet. Fyret ruvar 32,8 meter over bakken og er bygd opp av 35.000 murstein, kan Ågotnes fortelja. Fyrvaktarbustaden er nyoppussa og den er godt besøkt.
– Eg er faktisk på veg tilbake med båten no, etter å ha skyssa eit følgje med strilar over, seier Ågotnes på telefon, medan måsane skrik i bakgrunnen. Og dei som tek turen ut på fyret får koma tett på naturen.
– På fyret er det verken radio eller fjernsyn, men det er heller ikkje nødvendig på ein slik stad. Her er det naturen som byd på underhaldninga. Det er godt med plass på holmen, og gode forhold for små som har lyst til å gå på skattejakt og fiska, men mange synest nok det er stort berre å vera der og nyta stilla og havet. Å få vera åleine på ein holme ute i havet er spesielt og det er ofte det folk reiser ut her for å oppleva. Utsikta frå fyret er berre heilt fantastisk, seier Ågotnes, som også kjenner mange av historiene som er knytt til fyret.
– Ei av dei handlar om bestefaren til Kåre Norum. Dei som har levd ei stund, veit godt kven Norum er. Han er kjent som ernæringsekspert frå fjernsynet og har vore utom og besøkt fyret. Bestefaren hans var fyrvaktar her ei tid og medan han budde her opplevde dei mellom anna at lynet slo ned i fyret og smelta gullklokka hans, seier Ågotnes.
Sidan besøkande til fyret er avhengige av båtskyss, må besøk avtalast på førehand.
– Me organiserer vanlegvis ikkje transport ut med mindre folk skal overnatta, men fyret er godt besøkt. Folk kjem både frå fjern og nær for å sova her. Me har hatt alt frå strilar og engelskmenn til italienarar på overnatting her, fortel Ågotnes.
På fyret kan både einskildpersonar, familiar og små grupper overnatta. Fyrvaktarbustaden har sengeplass til opp til ti personar og fyret er ope for overnattingsgjestar frå 1. mai til 1. september.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





