Kjelstraumen Vertshus:
Historisk sus kvar dag
• Vertshus med restaurant, pub og krambu
• Ligg i Kjelstraumen i Austrheim
• Driven av: Hege Ramsland f.o.m påsken 2010.
Endret 13.01.11 12:55
– Me satsar breitt og ønskjer å vera ein samlingsplass som er tilgjengeleg kvar dag, seier Hege Ramsland, og får støtte frå Tove Franck. Versthuset i straumen har røter langt tilbake i tid og CV-en har fått plass på veggen. Her kan ein lesa om milepælar frå 1610 og fram til i dag. Og Hege og dei tilsette kan fortelja at sommaren 2010 baud på yrande folkeliv på kaien. Gode bryggjer og stor uteservering er populært hjå båtfolket.
– Me har sitjeplassar ute på tre sider av huset og i sommar var det så fullt at me nesten mista oversikt, ler damene.
– Vinterstid er det stille på kaien, men ope er det likevel sju dagar i veka.
– Me har alt frå småsnack og smørbrød til tre rettars middag. Me tilbyr catering, leiger ut lokale til bryllaup, konfirmasjonar og runde dagar, arrangerer konsertar, dans med meir, seier Hege.
Turistar og hyttefolk er flinke å nytta seg av tilbodet og mange lokale har nytta seg av lokala til selskap.
– No håpar me også at me kan skapa eit miljø her på kvardagar. I byn er det gjerne slik at folk tek turen innom ein kafé og set seg ned med ein kaffikopp for å prata. Det er nok ikkje fullt så vanleg her i Austrheim, men me håpar at folk skal få lyst til å gjera det også, seier Hege. No på nyåret har versthuset også innført fast meny. Den har vorte til på oppfordring frå gjestar.
– Med ein fast meny er det lettare for folk å vita kva me har. Menyen er ikkje så stor, men me satsar på å skifta omtrent annankvar månad, så me trur det kjem til å fungera veldig bra, seier Hege. Ho legg til at ho har ein god kokk og mange flinke tilsette med seg på laget.
Versthuset har i dag plass til 100-120 spisegjestar og Hege freistar med følgjande tre rettar frå menyen:
1. Kamskjel, fungerer godt til forrett
2. Til hovudrett er lam eller breiflabb supert
3. Og til dessert vil me anbefala Sjokolandefondant med heimelaga is.
• Prisklasse:
Forrettane brukar å liggja rundt 100 kroner, hovudrettane skal ligga på under 300 kroner og dessertane kostar rundt 100 kr, får Strilen opplyst.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





