Alversund skule:
– i stadig utvikling
Utvendig vert det lagt kunstgras på fotballbana og gjort vedlikehald på sjølve skulebygget, og snart tek arbeidet til med ein overgang som skal gjera skulevegen tryggare.
Endret 16.04.11 09:21
• Opna i 1956, ombygging/tilbygg i -58, -64, -72 og 89.
• Elevar: 376 elevar
• Tilsette: 70 tilsette
• Rektor: Espen Storstrand
• Skuletype: Barneskule med 22 klassar
Også innanfor skuleveggane vert det jobba med forbetring.
– Dei siste 4-5 åra har det vorte gjort eit stort arbeid innan utvikling, i første rekke innan vurdering, seier rektor Espen Storstrand.
Sjølv starta han som Alversund-rektor i haust, og vidarefører det arbeidet som andre starta opp før han kom.
– Vurdering inneber at elevane er med og reflekterer over kvar dei er i læringsprosessen, og saman med læraren stakar ut kursen vidare, og set seg mål for korleis dei skal jobba, seier rektoren.
Skule i dag handlar ikkje berre om at læraren skal kunna seia at han eller ho har vore gjennom læreboka, men også ei bevisstgjering på kva eleven skal gjera, og kvifor eleven skal læra det eller det.
– Tilbakemeldingane skal gå direkte på eleven og det arbeidet som er gjort. Ikkje berre at det er flott, men kva er eit godt arbeid? Og så skal me gje framovermeldingar, som seier noko om korleis eleven skal jobba framover, seier Storstrand.
– Det at me har fokus på utvikling og å forbetra oss, gjev ringverknader også utanfor sjølve arbeidet med vurdering. God læring gjev også eit godt miljø, slik at om me har fokus på læring som det viktigaste så går ikkje det ut over det sosiale miljøet. Me kan jobba med begge delar samstundes, seier Storstrand.
I nominasjonane vert godt miljø mellom elevane, og mellom lærarar og elevar, dregne fram som argument for nettopp Alversund. Utanom skuletid har elevane vist fram både cabaret og no seinast sirkus.
– Det er kjekt at ein innimellom kan få til ting som lærarar og elevar saman har lyst til å gjera. Me har også eit aktivt elevråd som tek initiativ til ulike aksjonar, seier Storstrand.
På kveldstid har foreldra nyleg vore inviterte til informasjon om barn og internett, eit opplegg som Barnevakten står for. Data er det også i klasseromma, der det mellom anna er elektroniske tavler i 15 av 22 klasserom.
– Skulen brukar It`s learning, som er ei læringsplattform på nett. Og via heimesida på nettet prøver me å fortelja litt om kva me driv med på skulen, gje eit blikk inn i klasserommet, seier Espen Storstrand.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





