May Eva Sandvik
Ikkje redd for å stilla spørsmål
– Som politikar må du våga å stå for det du meiner, og av og til tak i ubehagelege ting. Difor har eg også nokre gonger gjort det, seier May Eva Sandvik.
Endret 17.09.11 13:19
• Født: 1962
• Kjem frå: Hjelmås
• Partitilknyting: Høgre
Ho har vore politisk engasjert sidan ho var 20 og site i kommunestyret i to periodar. No er ho klar for ein tredje, denne gongen også med vervet som varaordførar.
At politikarar vågar å ta dei vanskelege diskusjonane, er veldig viktig, meiner den som har foreslått May Eva til tittelen beste politikar. Høgre-politikaren vert skildra med stikkord som roleg, rettferdig, sakleg og grundig. Dei som har følgt med i lokalpolitikken, har nok fått med seg at May Eva spelte ei sentral rolle i diskusjonen om lokaliseringa av Nav-kontoret i Lindås. Saka hamna i kontrollutvalet og May Eva Sandvik stilte mange kritiske spørsmål. «Det krev styrke og mot å gå inn i ei slik sak på den måten ho gjorde», heiter det i nominasjonen.
May Eva nektar ikkje for at ho kan vera ganske bestemt, når ho vert skikkeleg engasjert.
– Men det er eg ikkje åleine om altså. Det er mange politikarar som er det, og det er eg glad for. Eg trur det er ein grei eigenskap, seier May Eva.
Ho legg også vekt på å vera ryddig, ærleg og løysingsorientert.
– Og så synest eg at det er viktig at me som politikarar evnar å skilja sak og person og lyttar på kvarandre også når me er ueinige. Og så må me sjølvsagt lytta til folket. Det er jo dei me gjer denne jobben for, oppsummerer ho.
I siste periode har May Eva Sandvik vore leiar i Levekårsutvalet og tema som skule og pleie og omsorg engasjerer henne sterkt. Ho synest også samferdsle, næring og kultur er spennande tema.
– Eg har likt meg godt i begge periodane eg har site i kommunestyret. Men dei to periodane har vore veldig forskjellige fordi den økonomiske situasjonen i kommunen har endra seg mykje. Dei fire første åra var økonomien anstrengt og me følte me måtte kutta mykje. Det var tøft, men også veldig lærerikt. Den siste perioden har økonomien vore langt betre og då har det vore litt lettare. Det har ingenting med kven som har styrt i dei to periodane å gjera, men skuldast rett og slett at me fekk betre økonomi etter oppjusteringa av skattetaksten på Mongstad. Det er kjekt å ha litt pengar å fordela i staden for å berre kutta og kutta.
Lindås kommune har dei siste åra vore gjennom mykje planarbeid.
– Eg føler eg har fått vera med å leggja mange spennande planar, og eg har veldig lyst å vera med når me etterkvart får sjå resultata av dette i praksis. Difor vart eg fantastisk glad for den tilliten folk viste oss under valet og for at eg får vera med vidare i kommunestyret, seier ho.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





