Lydia Hoen Tjore:
Jenta med den fantastiske stemma
Lydia Hoen Tjore er eit namn alle som følgjer med i kulturlivet i Nordhordland for lengst har merka seg.
Endret 18.06.11 13:59
• Lydia Hoen Tjore • Alder:16 • Bur: på Sæbø • Type artist: Songar • Sjanger: Syng både klassisk og poplåtar.
Ho har sunge på massevis av lokale arrangement dei siste åra og det er ikkje utan grunn. Denne jenta kan synga, og ho har ei fantastisk stemme. Songstemma har ført Lydia frå den eine store opplevinga til den andre. Sommaren 2007 vart livet til den unge Radøy-jenta snudd på hovudet.
Lydia var 12 år gamal då ho fekk spørsmål om ho ville vera med i Which Witch på Håkonshaugen, og etter det gjekk det fort. Veldig fort. Lydia har vore med i Norske talenter, der ho vart nummer to.
Etter det har ho fått mange songoppdrag både her i landet og i andre land. Lydia har vore på kurs i Italia og hatt songoppdrag i land som Tyskland og Nederland og sunge på opningsmarkeringa av Bislett games. Eit idrettsarrangement som vert kringkasta til mange land.
Då ho var nyttårsgjest i Strilen i fjor kunne ho fortelja at det som til då hadde vore hennar mest spesielle oppdrag. Det var å synga på Oslo Fashion Week og moteshow i Bergen.
Og Lydia har mykje moro å sjå fram til også i år.
– I sommar skal eg vera fem veker i USA. Tre veker på operakurs og resten på ferie. Eg gler meg veldig. Det var om lag 100 søkjarar på kurset og 20 som kom inn. Det er utruleg gøy å vera blant dei. Eg trur faktisk eg er einaste utlendinga som er kome med på kurset, seier Lydia.
Etter det skal ho synga på Nordland Musikkfestuke i Bodø. I løpet av hausten skal ho også til Maputo i Moambique for å halda konsert.
– Der skal eg nok synga både klassisk og poplåtar. Når eg øver går det mest i klassisk, men eg synest eigentleg det er like gøy å syngja populærmusikk. Begge delar er veldig gøy. Eg elskar å synga.I år har Lydia vore både skuleelev ved Knarvik vidaregåande skule og brukt mykje tid på songen. Det er ikkje ein enkel kabal.
– Eg satsar veldig på songen, og har tatt ein del fag som privatist for å verta fortare ferdig med skulen, slik at eg kan prioritera songen. Neste år kjem eg ikkje til å gå på skule. Eg skal ta faga eg manglar som privatist, slik at eg kan konsentrera meg meir om musikken. Det ser eg veldig fram til.
– Det høyres kjekt ut, men vert det ikkje krevjande å skulla strukturera dagane sjølv?
– Jo, det vert ei utfordring. Men me kjem nok til å leggja opp til eit opplegg med meir undervisning på Griegakademiet. Eg er elev der no også, men har ikkje så mykje undervisning der som eg gjerne ville hatt. Neste år kjem eg nok til å vera der fleire dagar i veka, og når eg ikkje går på vanleg skule i tillegg står eg friare til å delta på kurs, konsertar og andre ting. Eg får mykje meir tid til å øva. Eg trur det vert positivt, seier Lydia, som er innstilt på at ein må jobba hardt og målretta for å lukkast som songar.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





