Fedje barne- og ungdomsskule:
Jubilanten alle kjenner
– Eg og dotter mi gjev vår stemme til Fedje skule, heiter det i ein av nominasjonane av denne 1.-10.-skulen på Fedje.
Og nettopp det at foreldre og skuleborn er samde går att i nominasjonane, på øya der «alle» har vore innom same skule.
Endret 16.04.11 09:18
• Opna i 1961, fekk eit tilbygg i 1974 med symjehall (nyeskulen)
• Elevar: 89 elevar
• Tilsette: 17 tilsette
• Rektor: Helge Tangen
• Skuletype: 1.-10. klasse. Femdelt skule, der to og to klassar går saman.
Den storslåtte femtiårsmarkeringa som skulen var gjennom siste helga i mars, der kring 500 menneske kom for å feira, vart også drege fram av fleire.
– Alt ved skulen vår er bra, du treng vel ikkje skriva meir enn det, smiler rektor Helge Tangen når Strilen ringer og vil ha nokre kommentarar til nominasjonen.
Han har vore rektor der i snart elleve år, og hugsar tilbake til eit bilete som var i Strilen då han starta:
– Då var eg avbilda saman med seks tilsette som hadde vore mine lærarar, og som eg no skulle vera sjefen for.
Torsdag denne veka var heile skulen på Kvamskogen til felles skidag, ein tur der foreldra stod i kø for å vera med. Denne støtta i lokalsamfunnet er noko rektor Tangen dreg fram.
– Det er bortimot femten foreldre med på tur her i dag, dei gjer ein kjempeinnsats. Det er også lett å få foreldra med når me har ulike arrangement som går på utsida av timeplanen. Me har foreldre som er veldig opptekne av skulen og innhaldet i si fulle breidde.
Om dei evnar å finna rom til ein felles skidag, så har skulen også gode resultat å visa til reint fagleg. Avgangsklassen i 2010 hevda seg best av alle skular i Bergen og Nordhordland på skriftleg matematikkeksamen, og gjorde det bra også i andre eksamensprøvar.
– Me har eit stabilt kollegium med høg kompetanse. Nokre felt er kanskje litt sårbare, sidan det kviler på ein eller to, men det er ingen fagområde som lir, seier Tangen.
Hærverk har skulen ikkje problem med, og tilstanden er bra også på mobbing.
– Det er farleg å seia at ein ikkje har mobbeproblem, for det kan av og til vera vanskeleg å avdekka. Men eg kan seia at om me vert gjort merksame på mobbing, så er me tøffe nok til å ta tak i dette. Eg trur på at me held bra mål med det meste.
Tangen si største utfordring er den han ikkje kan gjera noko med, nemleg minkande årskull førsteklassingar.
– Det er færre førsteklassingar no, men kanskje kan denne nomineringa gje oss tilflytting og auka elevtal? spør rektor Helge Tangen.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





