Kløvheim skulekorps
Korpset som engasjerer ei heil bygd
– Skulen her har 35 elevar, medan korpset tel 26. Ikkje alle går på barneskulen, men ein god del gjer det, så det seier jo litt om oppslutninga, seier leiar i korpset, Jorunn Åkernes Jordal.
Endret 17.03.11 22:02
• Starta: 1968
• Heldt til: På Kløvheim skule
• Medlemmar: 26 i korpset og 16 aspirantar
• Aktivitet: Skulekorps
Ho kan fortelja om eit korps med uvanleg godt humør.
– Alle som har vore litt i korpsmiljøet veit at ting går litt opp og ned. Me har opplevd stor utskifting i korpset dei siste åra. Me har vore heldige og hatt same dirigenten i mange år.
Knut Harald Rydland gjorde ein kjempejobb med korpset, men for to år sidan gjekk han av med pensjon. Omtrent samtidig kom det også eit generasjonsskifte i korpset. Me hadde mange erfarne musikantar som gjekk av for aldersgrensa. På to år mista me 14-15 dyktige musikantar. Når slike ting skjer, opplever ein gjerne at piffen går litt ut av korpset, men det skjedde absolutt ikkje her. Me fekk ein ny kul og fantastisk dyktig dirigent og dei yngre musikantane trødde til, seier leiaren.
I dag er gjennomsnittsalderen i korpset 13 år.
– Det er lågt, og gjev oss utfordringar når me stiller i konkurransar med meir erfarne korps, men det er det ingen her som bryr seg om. Stemninga er på topp uansett og me har ei foreldregruppe og ei bygd som verkeleg veit å støtta opp om oss.
– Og det har ikkje gått så verst i konkurransane heller
– Nei, me vann jo nett Hordablæsten for andre år på rad. I fjor vann me i tredjedivisjon og i år vann med andredivisjon. Så då kan eg lova deg det var jubel, seier Jorunn.
Ho meiner at støtta frå foreldregruppa og bygda har mykje å seia for at korpset har lukkast så bra.
– Når folk rundt er positive og viser at dei har tru på oss og likar at det er eit korps i bygda, så påverkar det også miljøet i korpset. I bygda vår har me mange eldsjeler og når det gjeld skulekorpset er det spesielt eitt namn som må nemnast.
Det er Wenche Mjanger Eide og har fylgt korpset i mange, mange år. Ho er ikkje redd for å ta i eit tak, ho praktisk talt er korpset, rosar Jorunn, som også kan fortelja om godt oppmøte på den årlege korpsbasaren.
– Basaren er veldig viktig for oss. Den syter for heilt nødvendige inntekter, og folk i bygda kjøper lodd enten dei er interessert i korps eller ikkje, og dei møter opp for å høyra på oss.
Årets bassar er faktisk alt no på søndag, og me håpar og trur at det kjem mykje folk i år også, seier Jorunn, som kan fortelja at korpset alt er i gang med øvinga til neste store hending. Det er Noregsmeisterskapen i juni.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





