Strilen / Beste / Krik mot alkohol
Brukernavn 
Passord 
 
Krik mot alkohol

Kristen idrettskontakt:

Krik mot alkohol

Del | |

•    Held til: Radøyhallen
•    Starta: 2007
•    Driven av: Lokale ungdommar i Kristen Ungdomskontakt. Lokal leiar er Heidi Soltveit.

Publisert 19.11.11 16:25
Endret 19.11.11 16:03

– Tilbodet skal også vera ei motvekt mot den drikke­kultur­en som mange vaksne står for, seier David Aasgaard, som har kome med framlegget på KRIK Radøy som det beste ungdomstilbodet i Nordhordland.

Aasgard skriv i si grunngjeving at samlingane i Radøy­hallen er eit lågterskeltilbod der ein får driva med idrett, leikar og moro for alle på ungdomsskulen og oppover, anten ein er idrettsutøvar eller glad i sofakroken.

– Dei som kjem, er både jenter og gutar frå 8. klasse og oppover i 20-åra. Dette er eit godt tilbod for alle som vil gjera noko gøy ein fredagskveld, reklamerer Aasgard.

Kveldane startar med aktivitar som «Stiv heks», ulike andre leikar og fysiske aktivitetar som fotball.
– Så har me ein pause midt i økta med andakt, song og gjerne informasjon om leirar som KRIK tilbyr.

Kristen Ungdomskontakt er ein landsdekkjande organisasjon som ønskjer å bevara, inspirera og vinna idrettsfolk til kristent liv både i idrettslag og menigheitar. 

– KRIK sitt viktigaste arbeid er la alle få høyra om Jesus og nestekjærleik og kva me kan gjera for ei betre verd. Ein må ikkje vera kristen for å komma, men me legg vekt på at det er viktig å få med seg den korta andakta midt i treninga, seier Aasgard.

Kor mange som kjem på kveldane, varierer litt etter kva anna som skjer.
– Men me har med oss ungdommar både frå Austrheim, Lindås og Bergen i tillegg til Radøy,

Aasgard peikar og på at mange som har kome på vidaregåande, vil vera med vidare i KRIK og tek leiaransvar ved å hjelpa til med avviklinga av kveldane.

– Eg synest det er veldig positivt at dei på denne måten får ein eigarskap til tilbodet, seier Aasgard.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler