Elle Melle, Mastrevik Torg:
Kvalitet for alle
Elle Melle begynte som ein barne- og ungdomsklesbutikk. Men etter ønskje frå kundar og eiga lyst til å prøva med ein liten damekrok i tillegg, vart dette ein realitet i fjor haust.
Endret 17.02.11 12:42
Elle Melle, Mastrevik Torg
• Opna: Oktober 2005
• Dagleg leiar: Ingrid Thu
• Tilsette: Har ein skuleelev som ekstrahjelp
• Butikktype: Klesbutikk
– I damekroken har eg klede, smykke og sjal, av merke som ikkje alle har og for ei kvar lommebok, seier ho. Og så unngår ho så langt det let seg gjera å ta inn så mange ting av kvar sort, spesielt av damekleda, legg ho til.
Om barne- og ungdomskleda fortel ho at der er det mykje fargar, men at blant alt ho har, er der også heilt klassiske ting for dei som ønskjer det.
– Eg har veldig mykje spennande, så her må ein ta seg god tid i, seier ho.
Elle Melle er den første butikken Ingrid driv sjølv. Men tanken har lagt der sidan ho trødde sine barnesko i faren sin sports- og leiketøysbutikk på Bryne.
– Vart det slik du tenkte?
– Det er kjempekjekt, men ikkje noko latmannsliv. Etter at Elisabeth Austrheim slutta i 2009 då ho fekk baby, har eg drive åleine. Ein gjer jo alt frå å reisa på messer og bestilla varer, til å pakka dei ut, prisa dei, laga utstilling, ekspedera, rydda og vaska i butikken og kontorarbeid, seier ho.
– Kvifor valte du klesbutikk?
– Eg likar klede generelt, men det skal vera klede med fine snitt, gode kvalitetar og fine fargar. Eit klesplagg skal ha så god kvalitet at det skal kunna gå i arv, seier ho.
– Er det vanskeleg å finna balansen mellom sørvis og mas, synest du?
– Eg er ikkje oppteken av at kundane absolutt må kjøpa noko, men eg elskar å visa fram kva eg har, og kva som passar saman. Det har jo eg full kontroll på sidan det er eg sjølv som har kjøpt det inn. Om denne iveren vert oppfatta som mas, håpar eg ikkje, for det er ikkje slik meint.
– Det viktigaste for meg er at kundane skal få god hjelp og at dei skal føla seg vel dersom dei kjøper noko. Då kjem dei att. Vert dei prakka på noko, så kjem dei neppe tilbake, seier ho.
– Er kundane flinke å gje tilbakemeldingar?
– Ja, det er dei verkeleg. Det er nesten ikkje ein dag at ikkje nokon stikk innom og fortel kor nøgde dei er, eller kor glad den og den vart for gåva. Det betyr veldig mykje for meg, seier ho.
– Kva går det mest av i butikken din?
– Alt eigentleg.
– Kven er det som handlar her?
– Det er alt frå austrheimingar til folk frå nabokommunane, hyttefolk og turistar.
– Så butikken går bra?
– Ja, han går godt, og no når fleire av butikkane i senteret er under oppussing, kjem det til å bli så flott her at det vert endå kjekkare å driva butikk her, seier Ingrid.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





