Strilen / Beste / Liten skule, enormt engasjement
Brukernavn 
Passord 
 
Liten skule, enormt engasjement

Kløvheim skule

Liten skule, enormt engasjement

Del | |

«Dette er skulen eg kallar min. Skulen som har løfta meg fram og hjelpt meg til å bli den eg er i dag.»

Publisert 16.04.11 09:53
Endret 16.04.11 09:25

•    Opna: Feira 100-årsjubileum i 2008, men dagens skule vart bygd i 1965.
•    Elevar: 38
•    Tilsette: 11
•    Rektor: Turid Sporsheim Tvedt
•    Skuletype: Barneskule (fådelt)

«Eg gjekk på ein stor skule, men det var ikkje så lett å bli sett av læraren. Etter nokre år fekk eg begynna på Kløvheim skule. Der opplevde eg eit heilt anna miljø enn eg gjorde på storskulen. Her likte eg meg, og eg kjende meg trygg. Eg gjekk ikkje så lenge på Kløvheim skule, men eg må seia at Kløvheim er ein fantastisk skule som har alt ein kan ønska seg». 
Utdraget over er henta frå ein e-post Strilen har fått frå ein tidlegare elev ved Kløvheim skule. Eleven er ikkje åleine om å nominera Kløvheim til tittelen Nordhordlands beste skule.
Me har mottatt fire svært grundige innlegg om kvifor akkurat Kløvheim fortener litt ekstra merksemd. Godt miljø er viktige stikkord for alle saman. Det er også noko av det første rektor Turid Sporsheim Tvedt trekkjer fram, når avisa ringjer og bed henne fortelja litt om skulen.
– Me er ein liten skule. Elevtalet har aldri før i nyare tid vore så lågt, men det har på ingen måte gått ut over miljøet. Å vera ein liten skule har både fordelar og ulemper. Me prøver å utnytta det til ein fordel. Skulen er oversikteleg og me kjenner elevane våre veldig godt. Når forholda er så små som dei er hjå oss, så ser du kvar enkelt elev veldig godt. Det er ein fordel, meiner rektor.
Ho opplever at både tilsette og elevar trivst, og ei bygd som verkeleg viser at dei støtter opp om skulen. Lindås kommunestyre har vedtatt at skulen skal leggast ned, og bygda har kjempa hardt for at det ikkje skal skje.
– Kommunestyret har gjort vedtak om at skulen skal leggast ned, men me veit ikkje heilt når det kjem til å skje. Det er ikkje noko kjekt, men me let det ikkje påverka kvardagen. Vårt fokus er å laga best muleg skule så lenge me er her og så får me ta ting som dei kjem, seier rektor, og fortel om ein skule som er flink å nytta nærmiljøet sitt.
– Skulen ligg fint til og me har mykje natur rundt oss. Skulen er også ein samlingsplass i bygda. Her kjem folk på julefest, St. Hans-feiring og til 17. mai. Når me har tilstellingar på skulen lagar me eit skulekor der alle elevane er med. Det er stor stas både for elevar og foreldre.
Med barnehagen vegg i vegg har skule og barnehage fått til eit bra samarbeid.
– Barnehagen bruker gymsalen på skulen ein del og me har ei fadderordning som gjer at barnehageborna får ein gradvis overgang til skulen. Femåringane får kvar sin skuleelev som fadder, og dei gjer aktivitetar saman ein gong i månaden. Det gjer at barnehageborna vert godt kjente med skulen og dei eldste elevane her. Me gjer mykje på tvers av aldersgruppene og trur at det påverkar miljøet positivt, seier rektor.
Ho har inntrykk av at skulane i kommunen er veldig like.
– Det er ein del samarbeid mellom skulane. Me gjer stort sett dei same tinga og er alle opptekne av det same: Å laga best muleg skule for ungane våre. Dersom eg skal plukka ut ein ting som gjer Kløvheim spesiell som skule, så må det vera engasjementet i bygda. Det er veldig stort. Eg er innflyttar til bygda og engasjementet var det første eg merka meg. Her går folk mann av huse for å støtta opp  om alt som finst her både skule, skulekorps og andre lag og organisasjonar. Dette er ei bygd med stor ståpåvilje, og det er veldig kjekt å vera rektor på ein skule i ei slik bygd, seier Turid Sporsheim Tvedt.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler