Litlematrestølen-Stordalen: I Bjørn West sine fotspor
Bjørn West-marsjen er ein årleg turmarsj for å minnast soldatane som kjempa her under andre verdskrig.
Endret 13.05.11 15:19
Kommune: Masfjorden
Tid: 5-6 timar
Rute: Frå anleggsvegen ved Litlematrestølen til Stordalen fjellstove
Eigna for: Deg som har lyst på ein middels krevjande tur i fjellterreng
Og turen frå Litlematrestølen til fjellstova i Stordalen byd på fin natur og ein smak av skikkelege fjell.
Dagstur
Legg du ut på denne turen må du rekna med å bruka nokre timar.
Turen er om lag 15 kilometer lang, og du bør og sko deg godt.
Her kan det verta skikkeleg blautt, men turen er vel verd å gå, skal ein tru dei mange som haust etter haust set av ein dag for å gjera det.
For å finna stien må du kjøra av frå E39 og innover på asfalt og anleggsveg til demninga nedanfor Litlematrestølen.
Frå anleggsvegen er det om lag ti minutt gange opp til stølshusa.
Stien er merka og skal vera grei og finna for turgåarar sommar og haust.
No i mai ligg det framleis snø i fjella.
Dramatisk historie
Masfjorden har mange stolte fjell og fine turstiar, men turen frå Litlematrestølen til Stordalen er spesiell for mange fordi denne turen går gjennom eit område der det har skjedd store og dramatiske hendingar.
Turen går gjennom det som var Bjørn West-soldatane sitt kjerneområde, og på vegen kan ein mellom anna kikka ned i Kringlebotn.
Fjellgarden i Kringlebotn var rekruttstasjon for Bjørn West, og det var fleire skotvekslingar mellom norske og tyske soldatar i området her.
På eit tidspunkt vart også husa på garden sette i brann, og husa du kan sjå i dag er bygd opp att i ettertid.
Like ved Kringleboten er det også eit vegskilje der det er muleg å velja mellom to ulike trasear vidare.
Her kan ein Anten gå opp Rusti- ei bratt kneik, eller ei litt slakkare, men lengre rute slik at ein kjem att i Fagerdalen og stiane møtest igjen.
Minnetavle
Seks norske og ei rekkje tyske soldatar mista livet i kamphandlingar i dette området, og fleire stader er dette markert med skild som fortel om dei falne.
Ein kan mellom anna sjå skilt som markerer der Johan Hansen Gatland fall.
Han døydde i kampar ved Litlematrestølen 29. April 1945.
Det skjedde då 28 tyskarar kom frå Litlematre og skulle til Kringlebotn.
Dei vart stoppa av 11 nordmenn. Gatland og 27 tyskarar fall i skotvekslinga.
I tunet utanfor Stordalen fjellstove er det også reist ein bauta til minne om dei som mista livet i Masfjordfjella.
Under Bjørn West-marsjen vert det alltid lagt ned krans og halde minnetale ved denne bautaen.
Skulle du gå turen utanom dette arrangementet og er interessert i å vita litt om dei historiske hendingane i fjellet her, kan du stoppa på Bjørn West-museet på Matre og få med deg brosjyrar og oversiktskart, over turen, kan Oddvar Fyllingen i Bjørn West-foreninga fortelja.
Ein smakebit på historia kan du også få om du stoppar i fjellstova i Stordalen der det er hengt opp gamle avisartiklar som fortel om dramatiske hendingar.
Fjellstova kan også tilby kaffi, middag og overnatting om du skulle ønskja det.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





