Lyngheisenteret
Stad: Lygra i Lindås.
Type attraksjon:Museum og kulturlandskap.
Endret 18.08.11 08:16
Lyngheisenteret er ein fin og spennande attraksjon i seg sjølv, forutan at det ligg i eit vakkert kulturlandskap på den ytste delen av Lygra. Stadig fleire finn vegen utover, sjølv om den kan følast lang og kronglete for ukjende.
Senteret har fått telefonar frå folk i bil på veg utover som har lurt på om dei verkeleg køyrde rett. Det er også dei som har gjeve opp å finna denne naturperla kor ein kan sjå kulturlandskap i Nordhordland slik det var over store deler av distriktet berre eit par generasjonar attende.
Lyngheilandskapet var også karakteristisk for mange kyststråk i Europa fire-fem tusen år bakover i tid. Lyngheiane har vore eit typisk kulturlandskap ut mot havet frå Portugal i sør til Lofoten i nord.
Difor er det eit internasjonalt sus over Lyngheisenteret, den einaste staden i Europa der ein kan oppleva autentiske lyngheier drivne av lokale bønder. Her beiter det utegangarsau, og lyng vert stadig vekk brent på tradisjonelt vis. Ute i dette landskapet går det også fire kilometer med tilrettelagde turstiar.
I 2001 fekk Lyngheisenteret Unesco sin globale kulturlandskapspris for arbeidet med å verna landskapet, og fire år seinare vanka det pris frå Europarådet.
Den moderne senterbygningen plassert ute ved lyngheilandskapet, er oppførd i ein stil og ei form som skal peika attende til tidlegare tider, då mellom anna steinmurar vart mykje nytta til ytterveggar. Inne er det informasjons- og opplevingssenter med utstillingar og dokumentarfilm, forutan serveringsstad med villsau som spesialitet.
Når ein skriv om Lygra som attraksjon, lyt også ruinane av medelaldergarden på Lurekalven utanfor nemnast, sjølv om ein må ha båt for å komma dit.
I det heile teke er båt ein god transportmåte for å fara til Lygra. Det er triveleg å reisa i den indre farleia, og Lygra-landskapet med omgjevnadene kan verta spesielt stemningsfullt for den som legg til kaia med båt.
På Lygra finst også Uturvågen med sitt spesielle naustmiljø, og det er fint å bada og grilla i Naustvika.
Lokalt vert Lyngheisenteret nytta som noko meir enn berre ein turistattraksjon. Her føregår det stadig vekk møte og arrangement som mellom anna bryllaup, og difor er det viktig å ha eit godt kjøken. For ei veke sidan fekk senteret tilsett Trond Solberg som ny kokk.
– Eg har mange års kokkepraksis, og kjem no frå Beredt Catering i Bergen. Eg har dessutan studert historie og kulturfag, så jobben her vert for meg eit sjeldent høve til å kombinera dei to utdanningane eg har, seier Solberg.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





