Strilen / Beste / Med Filmmaraton, tacobord og Halloween
Brukernavn 
Passord 
 
Med Filmmaraton, tacobord og Halloween

Austrheim ungdomsklubb:

Med Filmmaraton, tacobord og Halloween

Del | |

•    Heldt til: på Årås
•    Starta: Ukjent
•    Driven av: Austrheim kommune

Publisert 19.11.11 16:25
Endret 19.11.11 16:06

Ungdomsklubben i Austrheim er svært populær. Det er ikkje rart for, dette er ein klubb med eit stort tilbod. Klubben har ope tre dagar i veka for dei som går på vidaregåande skule, og annankvar fredag er det klubb frå elevar i 10.klasse og oppover. Klubbleiar Heidi Pedersen Sylta, og frivillige som blant anna Vibeke Fenne og Henrik Austrheim, har laga eit miljø som ungdommane trivst med og kjenner seg trygge i, heiter det i ein e-post som Strilen har fått.

Og ungdommane som kjem til klubben får sjølve vera med å arrangera ulike temakveldar, og hjelpa til i kiosken. På ein vanleg klubbkveld brukar det å koma ein stad mellom 30 og 40 ungdommar.

På temakveldane annankvar månad inviterer dei også ungdom frå andre kommunar. Då kjem det folk både frå Lindås, Radøy, Meland og Fedje for å vera med. I år har klubben blant anna hatt tacobord der nesten 100 ungdommar deltok og Halloweenparty med 175 menneske.

Ein gong i månaden er det også bowling i Leirvåg, og dei arrangerer ulike kurs til dømes «Pimp up your veske», mala på lerret og mekkekurs. Ungdommane som kjem hit for også noko å tenkja på, og klubben har blant anna hatt besøk frå SOS Rasisme der Lars Storeøster fortalde om korleis han var som nynazist og korleis han har endra meining.

Nyleg arrangerte klubben også speldag og før jul vert det sjølvsagt juleball, så ungdom i Austrheim har mykje å gle seg over.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler