Nordhordland kristne grunnskule
– med vekt på verdiar
«Lærarane og rektor på denne skulen er imøtekomande på ein heilt spesiell måte. Dersom det oppstår eit problem er det aldri vanskeleg å få hjelp.»
Endret 16.04.11 09:30
• Opna: i 1999. Ungdomsskule frå 2003
• Elevar: 78
• Tilsette: 30
• Skuletype: Privat barne og ungdomsskule
• Rektor: Olav Sollid
«Rektor er fantastisk hjelpsam og seier ikkje nei nesten uansett når på døgnet ein tek kontakt og lærarane er blide og positive. Ein ser verkeleg at dei jobbar og er opptekne av borna», skriv ei mor som har fleire born på skulen.
Ho meiner at denne skulen absolutt er ein god kandidat til tittelen Nordhordlands beste skule.
Nordhordland kristne grunnskule er ein privat kristen grunnskule som ligg i Alvermarka.
– Det som er mest spesielt med skulen vår er nok at den har ein klar kristen profil og legg stor vekt på verdiar, seier Kåre Eide i administrasjonen på skulen, og det er rektor Olav Sollid heilt einig i.
– Mange foreldre seier til oss at me er flinke til å sjå kvar enkelt elev og me trur og håpar at det stemmer. Det er nemleg noko me legg stor vekt på. Me trur at Gud har skapt kvart menneske unikt og me meiner at kvar enkelt elev er spesiell, me strekkjer oss difor langt for å tilrettelegga undervisninga så elevane får utvikla sine evner på ein god måte, seier rektor.
Han fortel at skulen også stiller klare krav til elevane.
– Det siste året har me jobba mykje med reglane på skulen vår. Me krev at elevane våre viser respekt for kvarandre og lærarane, og legg vekt på allminneleg folkeskikk. Me opplever at me har veldig engasjerte og interesserte elevar og foreldre. Det er bra samhald på skulen både mellom lærarane og elevane og undersøkingar visar at miljøet her er godt.
Elevtalet på skulen har auka jamt og trutt sidan starten.
– Mesteparten av tida me har drive skule her har me vore ganske små. Det er mange fordelar med det. Med små klassar har ein god oversikt og det er lett å gjera aktivitetar saman som skule. Det har me utnytta. Me har reist på mange turar. Gått frå hytte til hytte på Hardangervidda, reist på tur i Stølsheimen, sykla Rallarvegen og gått på Galdhøpiggen. Det er veldig kjekt, seier rektor. Han kan også fortelja at musikk for mykje fokus på skulen.
– Me har ein veldig dyktig musikklærar og har kjøpt inn ein god del instrument som elevane får læra å spela. Song og musikk set sitt preg på kvardagen vår.
Skulen starta opp i eit bygg som tidlegare husa næringsverksemd, og etter kvart som elevtalet auka vart det trongt om plassen.
– Me har bygd mykje ut og det har vore litt av ein kabal å driva skule midt i eit i ombyggingsarbeid. Men no er arbeidet avslutta, og me har fått gode lokale. Det er me veldig glade for, seier rektor, som gler seg over at elevane no har meir rom å boltra seg på.
Engasjerte foreldre er også eit viktig stikkord på denne skulen. Dei er flinke til å stilla opp på dugnad og har mellom anna gjort ein del arbeid på uteområdet til skulen.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





