Strilen / Beste / Meland golf: Ei bane du hugsar
Brukernavn 
Passord 
 
Meland golf: Ei bane du hugsar

Meland golf: Ei bane du hugsar

Del | |

Stad: Fløksand i Meland kommune
Type attraksjon: golfbane

Publisert 18.08.11 09:56
Endret 17.08.11 17:10

Golfbana i Meland har rykte på seg for å vera både vakker, spennande og full av utfordringar.

– Har man først prøvd den en gang vil man gjerne prøve på nytt.  I alle fall når den største skuffelsen har lagt seg etter å ha bitt i gresset for det som gjerne kalles Monsterbanen, skriv Meland golfklubb på sine nettsider.

Fleire kjente namn har funne vegen til Meland for å bryna seg på denne bana, deriblant ein tidlegare amerikansk president. Bill Clinton besøkte bana i 2007 og omtalte bana som ei av dei flottaste og vanskelegaste banene som finst.

– Mange kjem langvegsfrå for å spela her. No i juli har me hatt ein god del cruiseturistar her. Folk kjem heilt frå Kina. Dei er gjerne med på cruise til Bergen. Medan båten ligg til kai der, tek dei drosje ut hit for å spela. Vanlegvis er aktiviteten på bana veldig vêravhengig, men i juli månad er det fullt kjør nesten uansett vêr, seier administrativ leiar Tone Skjeie. Bana trekkjer også mykje folk frå Bergensområdet.

– På fine dagar kjem gjerne folk hit med heile familien sin, og me får høyra at kone og born kosar seg på badeplassen på Fløksand mens far spelar, golf seier Skjeie og ler.
Golfbana i Meland er ei skogsbane med 18 hol og gode fasilitetar.

– Sjølv om bana er kjent for å vera vanskeleg, så opplever me at folk trivest her uansett alder og nivå. Det skuldast nok naturen og stemninga på bana. Sjølv om bana eigentleg er full av folk, føler spelarane at dei har god plass, og her er gode treningsforhold. Me har både chipping og putting-green og Drivingrange med 34 båsar, får Strilen vita.

I 2009 vart det arrangert NM her, og det er også arrangert ei rekkje mindre turneringar her. Skulle du verta svolten under eit besøk på golfbana er det også muleg å få seg ein matbit.

Golfbana har nemleg ein eigen italiensk restaurant som er open laurdag og søndag i sesongen. Dei driv også med catering, og når ikkje restauranten er open er det vanlegvis muleg å få kjøpt seg pølse, is eller noko å drikka i kiosken.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler