Strilen / Beste / Merkesdalen
Brukernavn 
Passord 
 
Merkesdalen

Merkesdalen

Del | |

Badeplassen i Merkesdalen ligg sentralt til for dei som bur på Sandnes og mange kryssar også fjorden frå Lindåssida for å nytta den idylliske plassen.

Publisert 15.07.11 18:17
Endret 18.07.11 10:20

* Stad: Badevik like ved Fjon grendahus i Masfjorden. * Type: Tilrettelagt badeplass.

Her er fin sandbotn og tilrettelagt med badebryggje, toalett og grillplass. Denne badeplassen har grøn grasbakke, fine svaberg og strand som passar for dei minste. Ein flott og familievennleg stad, seier den som har tipsa Strilen. På Sandnes er det fleire stader som er godt eigna til bading, men dette er nok favoritten til mange, og har vore badeplass for fleire generasjonar masfjordingar. Tidlegare gjekk folk på sti ned hit, men i dag er det fin grusveg ned, slik at det er lett å koma seg ned. Og badegjestane set pris på den sentrale beliggenheiten og gode fasilitetar. Når sola skin brukar det å vera bra med folk her, og det er greie forhold både for dei som treng parkeringsplass til bilen og ein stad å leggja til med båt.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler