Strilen / Beste / Midt i senteret
Brukernavn 
Passord 
 
Midt i senteret

Salto:

Midt i senteret

Del | |

•    Held til: Knarvik Senter
•    Start: 2008
•    Driven av: Knarvik vidaregåande skule, Knarvik Senter, kommunane, politiet og kyrkja

Publisert 19.11.11 16:25
Endret 19.11.11 16:08

– Ungdomskontakten Salto er truleg ein av dei mest økonomisk fornuftige måtane å driva førebygging på.

Undervisningssjef Arne Klyve ved Bergensklinikkene har kome med denne vurderinga av kor viktig Ungdomskontakten Salto er i det førebyggande ungdomsarbeidet.

Lensmann Einar Vatne meiner at Salto er det viktigaste ungdomstilbodet i Nordhordland. Det kom fram på ei nyleg evaluering.

– Ikkje berre lensmannen, men og dei andre fagmiljøa som står bak, uttaler seg positivt. Dette er eit tilbod som me i Knarvik Senter er stolte over og glade for å vera med på, seier senterleiar Åge Torsvik.

Salto er kort fortald ein treffstad for ungdom mellom 13-20 år. Den vanlege og faste opningstida er frå skuleslutt til kring 15.30.

Målet er mellom anna å stoppa unge som er i startfasen av å skulka skulen og byrja med nasking og eksperimentering med rus, men Salto er også eit tilbod til ungdommar som ikkje er i noko «faresone».

I styringsgruppa finn ein videregåande skule, Knarvik Senter, kommunane, politi og kyrkja.

– Frå senteret si side har me merka ei veldig positiv utvikling, gjennom nedgang i hærverk og unge som ikkje har noko å ta seg til. Det som er ekstra positivt, er at tilbodet ikkje berre omfattar den konkrete opningstida. Dei tilsette driv også oppsøkjande arbeid, til dømes på ungdomsskulen, seier senterleiar Torsvik.

Sjukepleiar Ingrid Bekkenes er leiar for tilbodet og har med seg sosionomane Marit Midtgård og Mariann Urdal Henanger i den faste staben. I tillegg er det inne anna fagpersonell blant anna frå Masfjorden og Modalen. I alt er bemanninga på 1,9 årsverk.

– Salto er ein stad der alle unge i alderen 13−20 år kan koma innom og prata med kvarandre og oss vaksne. Dei kan til dømes koma innom når dei ventar på bussen. For dei som vil, har me også fire PC−ar der dei til dømes kan bruka spel som Playstation, seier Ingrid Bekkenes.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler