Utkant
Musikk i kongelege omgjevnader
• Type arrangement: Musikkfestival
• Kvar: Skjerjehamn i Gulen
• Kor mange gonger: Årleg sidan 2007
Endret 16.10.11 15:10
Festen for kongestatuen vart til ein musikkfestival som nesten får heile Skjerjehamn til å søkka i havet.
Det starta altså med festen for Knut Steen sin statue over kong Olav den 5., ein statue som vart avduka sommaren 2007. Året etter var tradisjonen i boks, og sidan det har Utkantfestivalen auka på i omfang.
Her har ein fått høyra alt frå Nora Brockstedt, Nils Petter Molvær, Jan Eggum og Lars Vaular, til Veronica Maggio, Ole Paus og DeLillos. I tillegg til mange andre store og mindre store norske musikknamn.
Så mange tusen menneske er det på den vesle holmen der festivalen vert arrangert, at ein av og til kan lura på om den snart går under. Etter at øyane i Gulen i 2010 vart landfaste med brua over Brandangersundet, har pågangen for å vera med berre vorte endå større.
– Det er vel kombinasjonen av godt musikkprogram og det at Skjerjehamn er ei litt eksotisk perle, som gjer festivalen så populær, seier festivalsjef Viggo Randal.
– Utkant skjer litt vekke frå folk, samstundes som det er nære nok til at ein kan reisa hit.
Festivalarrangørane må ta seg litt betre av gjestene enn kva festivalar i meir sentrale strok, i Skjerjehamn vert det ordna både båtskyss, hotellpakkar og teltplassar.
Rett nok har øyene i Gulen vorte litt meir «sentrale» med den nye brua, men å vera på festival i Skjerjehamn er framleis noko heilt spesielt.
Siste helga i juli i år samla Utkantfestivalen 6.500 menneske i Skjerjehamn. Utkant 2012, den sjette festivalen, går frå 26. til 29. juli.
– Tidleg i november kjem me med dei første namna på dei som skal spela i 2012, seier festivalsjef Randal.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





