Strilen / Beste / – mykje meir enn eit skulebygg
Brukernavn 
Passord 
 
 – mykje meir enn eit skulebygg

Rossland skule

– mykje meir enn eit skulebygg

Del | |

Få skular i distriktet har fått så mykje medieomtale som Rossland skule. Mykje av denne omtalen kunne nok elevar og lærarar godt vore forutan.

Publisert 16.04.11 09:53
Endret 16.04.11 09:28

•    Opna: Opna i 1963, men det var skule i området lenge før det.
•    Elevar: 284
•    Tilsette: 50
•    Rektor: Hogne Brunborg
•    Skuletype: Barne og ungdomsskule

Skulen har lenge slite med dårleg bygningar og problem med inneklima, men ein skule er mykje meir enn bygget som husar den. Og Rossland skule er ein veldig bra skule der folk trivst, meiner ein elev som har nominert skulen sin.
Strilen har også fått høyra om eit samanspleisa personale og evne til å finna løysningar.
Rektor er ikkje tilstades når avisa tek kontakt for ein prat, men tilsette fortel om ein munter gjeng med elevar og lærarar.
– Me er flinke på det psykososiale. Me ser kvarandre, hjelper kvarandre og har veldig god humor, kan dei fortelja.
Skulen har tidlegare gjort stor suksess med å laga cabaret som engasjerer alle frå første til tiande klasse. Det har både elevar og lærarar lært mykje av.
Flott natur i nærområdet vert også nytta aktivt. Skulen samarbeider med idrettslaget om kanoar som kan brukast på vatn i nærleiken, og elevane på barneskulen er mykje ute. Dei har idrettsdagar, går på turar og lagar mat i det fri.
Skulen har symjebasseng, slik at elevane får symjeundervisning, og elevar og lærarar er flinke til å finna på kjekke prosjekt. For nokre veker sidan klekka til dømes fjerdeklassingane ved skulen fram kyllingar i klasserommet sitt. Det var stor stas både for lærarar og elevar.
Respekt for kvarandre er eit viktig tema på Rossland og skulen deltek i Zero, eit prosjekt der ein jobbar aktivt mot mobbing. Det vert meldt om generelt god trivsel både blant tilsette og elevar.
Foreldreutvalet ved skulen får også skryt for å jobba aktivt og målretta i saker som er viktige for skulen. Dei har gjort ein stor innsats i samband med inneklimaproblematikken og både foreldreutval og skulen har fokus på gode bussforbindelsar og trafikktryggleik for å sikra elevane eit best muleg tilbod.
Fleirtalet av elevane ved skulen er avhengige av skulebuss, og tilsette ved skulen er kvar dag på plass  som trafikkvaktar, for å sikra at elevane kjem seg fram og tilbake over hovudvegen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler