Strilen / Beste / Nærbutikk i ­tettbygd strøk
Brukernavn 
Passord 
 
Nærbutikk i ­tettbygd strøk

Kiwi, Ikenberget:

Nærbutikk i ­tettbygd strøk

– Me føler veldig på at me er ein nærbutikk, samtidig som butikken jo har vakse bra, seier Cecilie Guldbrandsøy på Kiwi. Ho er ein av to eigarar i Kiwibutikken på Ikenberget. Den andre er Torhild Larsen.

Publisert 17.02.11 11:49
Endret 17.02.11 12:24

Kiwi Ikenberget
•    Opna: 2003
•    Eigar/leiarar: Cecilie Guldbrandsøy og Torhild Larsen
•    Tilsette: 23
•    Butikktype: Daglegvarehandel

– Me er begge oppvaksne i området her og det merkar me godt. Me kjenner veldig mange av kundane våre og dei kjenner oss, seier Torhild.

Kiwibutikken på Ikenberget starta på 420 kvadratmeter og har vakse gradvis. Etter to utbyggingar er arealet no oppe i 740 kvadratmeter.

– Det har rett og slett vore eit eventyr, me hadde aldri drøymt om at det skulle gå så bra, seier Cecilie. 

Butikken like ved vegen hovudvegen og med eit stort byggjefelt som nabo. Det er midt i blinken og sikrar butikken kundar frå eit stort område.

– Etter at butikken på Lunde vart langt ned har det ikkje vore nokon butikkar mellom her og Manger. Det gjer at ein del av dei som bur i søre delen av Radøy gjerne kjem hit for å handla, seier damene, som trekkjer fram servicen, når Strilen spør kva dei vil seia er spesielt med deira butikk.

– Den tida då butikkeigarane kunne bestemma prisane er over. I dag vert slike ting bestemt langt over hovudet vårt og butikkar i same kjede er jo like. Den beste måten ein eigentleg kan utmerka seg på i dag som daglegvarebutikk, er på service, og det er me veldig merksame på. Me legg stor vekt på service, og det er det mange kundar som kommenterer, seier Cecilie.

Service er også stikkordet dei som har nominert Kiwibutikken har brukt flittigast. Avisa har fått ikkje mindre enn ti e-postar frå folk som ville ha butikken med i konkurransen.

– Personalet på Kiwi er alltid veldig hjelpsame, ja dei er mykje meir hjelpsame og høflege mot kundane enn det eg har opplevd i andre butikkar i same kjede. Handlevognene er lause, så ein slepp å leita i lommene etter myntar, og det er alltid ryddig og fint i butikken, skriv ei kvinne.

Og ein kunde har fått oppleva at butikken har bestilt inn varer spesielt for ho, og veit at butikken har fått fleire prisar i sin kjede.

Det kan Cecilie og Torhild stadfesta. Butikken har fått fleire prisar for god orden.

– Orden og det å vera tilgjengeleg i butikken er noko me er opptekne av. Det skal vera lett for kundane å få hjelp om dei lurar på noko.

– Møter de spesielle utfordringar i kvardagen?

– Konkurransesituasjonen er jo eit tema. Det er alltid spennande når det opnar ein ny butikk i nærleiken, men vår erfaring til no har vore at kundane gjerne er veldig nysgjerrige på nye butikkar i starten, men dersom dei er nøgde med den butikken dei har brukt før, så har dei ein tendens til å halda fram med å gå der. Difor prøver me å ikkje tenkja så mykje på alt som skjer rundt oss og heller konsentrera oss om oss sjølv. Som lågprisbutikk har me ikkje like stort utval som butikkar med fullt sortiment. Då hender det at me må visa folk vidare, men om me har inntrykk av at me manglar ei vare som ein del kundar vil ha, står me på og prøver å skaffa den, seier Cecilie og Torhild.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Westland satsar stort

Westland satsar stort

Fornyar og utvidar hotellet fram mot 2018.

    Eit steg vidare for «Gullvegen»

    Eit steg vidare for «Gullvegen»

    Alliansen bak Sambandet Vest imøteser god støtte frå fylkestinget, som skal uttala seg om Regional Transportplan til sommaren.

      Blant Hareides topp tre

      Blant Hareides topp tre

      Knut Arild Hareide er imponert og stolt over kor mange KrF-arar Nordhordland har i den politiske leiinga.

        Godt føre i BKK-rennet

        Godt føre i BKK-rennet

        Andreas Nergård og Claus Sellevoll gjorde det bra på Bulken.

          Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør

          Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør

          LINDÅS: Som småfeit reklamemann på 50+ utan jobb, tok Karstein Vabø pedalane og pc-en fatt og skapte seg sin eigen arbeidsplass.

            Kjørte på land i fylla

            LINDÅS: Ein berusa båtførar kjørte i halvellevtida laurdag kveld på land med eit brak i Vallevika ved Seim. Mannen vart utruleg nok ikkje skadd.

              Siste kortnytt

              Mest lest

              Eldre artikler

              På forsiden nå