Strilen / Beste / Og vinnaren er…
Brukernavn 
Passord 
 
Og vinnaren er…

Og vinnaren er…

Del | |

Strilen sine lesarar har kåra Utkantfestivalen til Nordhordlands beste arrangement.

Publisert 10.11.11 09:48
Endret 10.11.11 09:49

– Det er utruleg mange gode arrangement i distriktet, og det var mange med i konkurransen, så me synest det er litt stas at me vann, seier Viggo Randal.

Tysdag fekk festivalsjefen for Utkanten overrekt det synlege beviset på at dei no kan titulera seg som Nordhordlands beste arrangement, kåra av Strilen sine lesarar.
Og festivalsjefen innrømmer at han har følgd litt med på avstemminga på avisa sine nettsider.

536 av 1224 stemmer
– Me har informert folk om at me var nominert og håpa jo på at folk skulle stemma på oss. Det er artig å sjå at folk gjorde det. Eg såg på nett at me tok ei lita leiing frå starten av, men me følte oss slett ikkje trygge på at me kom til å vinna, seier Randal.

Men då stemmene var summerte, viste det seg at Utkantfestivalen leia med god margin. 536 av i alt 1224 stemmer i konkurransen gjekk til Utkanten. Havsportveka i Austrheim og Festevalen på Feste fekk 296 og 235 stemmer.

Frå DeLillos til gambisk strengeinstrument
Musikkfestivalen i Gulen vart arrangert første gong i 2007 og har i løpet av dei siste fem åra freista med alt frå Nora Brockstedt, Nils Petter Molvær, Jan Eggum og Lars Vaular til Veronica Maggio, Ole Paus og DeLillos.

– Me har nokre kjende artistar kvart år, men me prøver også å gje publikum ein smak av noko dei ikkje har eit forhold til frå før. Du har alt frå DeLillos som «alle» kjenner til konsertar med ein artist som spelar eit rart gambisk strenginstrument og som kanskje trekkjer to tilskodarar per konsert, men det betyr ikkje at ikkje dei som kom på den vesle konserten får ei minst like god konsertoppleving som dei som kom på den store, seier Randal.

Og tilbakemeldingane frå festivalpublikumet tyder på at dei likar seg i Skjerjehamn.

Ein spesiell stad
– Me får mange kommentarar på stemninga. Sjølv om Skjerjehamn eigentleg ikkje ligg så langt frå Bergen og Knarvik, opplever mange det som om dei kjem til ei anna verd. Skjerjehamn er ein spesiell stad, og det å kunna ha ein festival på ein slik stad er artig, seier Randal.

Første gong festivalen vart arrangert, fekk den stor merksemd på grunn av avdukinga av statuen av Kong Olav.

– Då var det vanvittig mykje folk på sjølve avdukinga og ein del mindre folk på konsertane, men festivalen har berre vorte meir og meir populær og den er godt besøkt, seier Randal.

At øyane i Gulen vart landfaste i 2010, har også gitt utslag på besøket.

– Før kom folk med båt. No kjem mange med bil. Det har skapt ei utfordring for oss. Det finst jo eigentleg ikkje parkeringsplassar i Skjerje­hamn, men under festivalen har me fylt opp det som finst av jorde i nærleiken. Og når dei har vore fulle, har me fylt opp alt som har vore lenger vekke og. Logistikken er ei utfordring når du arrangerer ein festival som dette i utkanten, men det at me ligg i utkanten er jo også det som gjer festivalen så spesiell. Det er ein del av sjarmen det, seier Randal.

 

Slik fordelte stemmene seg:

«Nordhordlands beste arrangement»

Sleirsfjellet opp                   28 stemmer
Utkantfestivalen                536 stemmer
Havsportveka i Austrheim  296 stemmer
Festevalen                        235 stemmer
Kulturdagane i Austrheim    11 stemmer
Melandsrevyen                   39 stemmer
Knarvikmila                       54 stemmer
Håkonarspelet på Seim       25 stemmer


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler