Strilen / Beste / Over Nøttveitveten - Der dei spreke går
Brukernavn 
Passord 
 
Over Nøttveitveten - Der dei spreke går

Over Nøttveitveten - Der dei spreke går

Del | |

Ein treng ikkje ha så høge fjell for å få fantastisk utsikt. Det er Solendfjellet, Nøttveitveten og Morkefjellet levande bevis på.

Publisert 13.05.11 15:44
Endret 13.05.11 15:43

 

Kommune: Radøy
Tid: Kjem an på kor ein startar, men om lag tre kvarter over alle tre visst ein startar ved Solendfjellet.
Rute: Frå bilvegen ved Solendfjellet, frå Morken, Lid eller Nøttveit (bratt).
Høgde: Morkefjellet 217 meter, Nøttveitveten 204 meter.
Eigna for: Alle. Barnehagen klarer det fint.

Toppen av Nøttveitveten er truleg det best besøkte turmålet i Radøy, skriv vedkomande som meiner Veten fortener tittelen Nordhordlands beste tursti.

Og hit kan ein gå direkte, eller over dei andre fjella.
 
Statustoppen
Veten har fått status som toppen dei spreke går på.

I alle fall seier ein at går du på Veten, så er du sprek, får Strilen fortalt.

Men turen kan også gåast av dei yngste, det har barnehagen testa ut.

Tusenårsstaden
Frå toppen av Nøttveitveten har ein god utsikt i alle retningar, og på fine dagar kan ein sjå alt frå snødekte fjelltoppar til oljeplattformar i Nordsjøen og Holmengrå.

Om kvelden kan ein sjå sola gå ned i havet i Vest. Ei flott skode!

Det er ikkje utan grunn at Nøttveitveten og området kring vart vald til tusenårsstad i Radøy kommune for elleve år sidan.

Kulturlandskap
Området er eit flott kulturlandskap som vert beita og halde vedlike, samstundes som det er tilrettelagt for ferdsel med grinder, gjerdeklyv og merka stiar.

Går ein frå toppen av Lifjellet, er første delen tilgjengeleg for menneske med nedsett funksjonsevne.

Det er grusveg eit lite stykke, og i enden av grusvegen er det sett ut benkar. Her har ein flott utsikt over Manger og øyene i vest.

For dei som ikkje er kjende, kan det vera nyttig å vita at Lifjellet og Solendfjellet er same fjellet, men vert kalla Solendfjellet på Manger-sida og Lifjellet på andre sida.

Hytter på toppane
På Veten og Morkefjellet er det sett opp to små «hytter» der ein kan skriva seg i boka, søkja ly for vind og regn, eller berre nyta utsikta.

Hyttene er sette opp av høvesvis Manger bygdelag og Manger idrettslag. Og kvar Kristi Himmelfartsdag arrangerer idrettslaget Trefjellstur.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler