Anne Hvidsten:
På veg ut i verda med eigen musikk
Den dagen ho slutta på vidaregåande skule, sendte Anne Hvidsten ut Ep-en ho hadde laga til ei rekkje plateselskap.
Endret 18.06.11 13:46
• Anne Hvidsten • Alder: Hehe… 29 for alltid. • Bur: I Alversund • Type artist: skriv og syng eigne tekstar • Sjanger: Pop/vise/country
Ho fekk napp hjå fleire, og etter ei tid dukka også debutplata hennar opp i butikkane. Plata med tittelen «Need to know» selde over all forventning.
– Eg fekk ein låt på hitlistene. Den låg på toppen i lengre tid, saman med musikk av Britney Spears. Det var litt rart og veldig artig, seier Anne.
Ho skriv alle tekstane sine sjølv. Det har ho gjort sidan ho begynte å spela gitar i 11-12 årsalderen.
– Musikken betyr veldig mykje for meg, og eg har ein draum om å få musikken min ut i verda, seier Anne, som alt har lukkast ganske bra med det.Ho har sunge i ein norsk Grand Prix-finale og ho har halde mange konsertar i Noreg og nokre i Danmark.
– Eg har gjeve ut to plater no. Nummer to gav eg ut på eige selskap. Det var ei heilt anna oppleving enn å gje ut den første. Når ein gjev ut på eige selskap har ein kontroll med alt heile vegen, og ein lærer utruleg mykje undervegs. Du lærer utruleg mykje under ein slik prosess, og også den plata slede bra, seier Anne, som heile tida har jobba målretta for å etablera seg som artist.
– Eg hadde ein liten pause frå musikken då eg vart mamma, då nytta eg også sjansen til å ta litt meir utdanning, men i den seinare tid har eg satsa vidare på musikken, fortel Anne, som også ha skrive ein song som hylle til kommunen der ho vaks opp. Austrheimsongen er spelt inn på ei plate som folk kan kjøpa på rådhuset og er framført i ulike lokale samanhengar.
– Eg har ikkje profilert den på nokon måte, men den er vorte ganske populær og er faktisk spelt på radio ganske mange gonger, får Strilen vita.
For få dagar sidan gjorde Anne også ferdig si tredje plate.
– Den aller beste eg har laga, meiner ho. Det er førebels ikkje klart når plata vert å få kjøpt, men Anne har stor tru på at den vil gjera det bra.– Eg føler at eg har utvikla meg ganske mykje som artist sidan eg gav ut den første plata og det på ein god måte. Og tekstane på denne plata er sterkare og etter mi meining betre enn mykje av det eg har gitt ut før.
– Og kva har du laga musikk om denne gongen?
– Plata ber veldig preg av at mannen min var i krigen i fjor. Han var på oppdrag i utlandet og mange av tekstane kan knytast opp til det. Men tekstane mine handlar i grunn om mange forskjellige ting. Mykje av inspirasjonen får eg når eg er ute i naturen, eller berre gjer eit vanleg ærend på butikken. Det kan vera så mange ting som inspirerer meg. Heilt vanlege ting som ein person eg ser på gata eller ei kjensle. Det kan vera alt eigentleg, seier Anne, som synest det er stas at nokon har nominert henne til tittelen Nordhordlands beste.
– Eg føler at eg har funne roen i Nordhordland no. Her har eg stifta familie og her har eg lyst til å bu i framtida. Det er trygg og god base og det er godt å ha når ein vil ut i verda med musikken, seier Anne.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





