Strilen / Beste / Proffe og amatørar i fint samspel
Brukernavn 
Passord 
 
Proffe og amatørar i fint samspel

Håkonarspelet på Seim:

Proffe og amatørar i fint samspel

Del | |

•    Type arrangement: Historiespel
•    Kvar: På Håkonshaugen på Seim
•    Kor mange gonger: Framført med ujamne mellomrom sidan 1997.

Publisert 16.10.11 15:21
Endret 16.10.11 14:58

Håkonarspelet på Seim såg dagen lys i 1997. Det var ein del av dei første kystsogevekene. Det er forfattaren Johannes Heggland frå Tysnes som har skrive fire skodespel som handlar kongen Håkon den gode, som levde i første halvdel av 900-talet. Dei fire spela er framførde på Fitjar, Håkonshella, Seim og Flolid i Gulen.

Spelet på Seim heiter «Håkonvarde» og handlar mest om kongen sin kamp for å kristna Noreg. Handling går delvis føre segi kongsgarden på Seim, ved kong Adalstein sitt hoff i Engeland og diverse stader i Noreg, særleg i Trøndelag.

Spelet er eit samspel mellom profesjonelle skodespelarar og amatørar, og har engasjert mange i Seimsbygda og vidare med. Spelet er basert på ein stor dugnadsinnsats, både på og bak scena. Ei gruppe frå Eikanger-Bjørsvik har framført musikken, og songarar, særleg frå Seim Songkor, har utgjort koret. Den første musikken var laga av Jostein Stalheim, medan musikken til årets spel var laga av Reid Gilje.

Paul-Ottar Haga og Agnete Håland hadde rollene som den vaksne Håkon og mor hans Tora Mostrastong i dei første spela, medan seinare har både Bjørn Wilberg Andersen og Arvid Ones tolka kongerolla.

Mange lokale krefter, som Knut Magne Molvik, Kjersti Wiik, Johannes Rydland og Leif Egil Vatnøy har opp gjennom åra hatt viktige rollar i spelet, og i årets oppsetjing hadde Preben Hodneland rolla som skalden Øivind Skaldaspille.

Etter ein pause på åtte år vart spelet teke opp att i år, med Leif Egil Vatnøy som regissør, mykje nye scenografi og ei imponerande lyssetjing.

Etter planen skal spelet framførast fleire gonger, men neppe på Håkonshaugen, sidan Riksantikvaren set restriksjonar på bruken av haugen. Ein håpar på ein fast spelstad ein annan stad i Seimsbygda.

Spelet har kvar gong vorte spela tre til fire gonger, og siste gong med om lag 2.800 til­skodarar.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler