Strilen / Beste / Samfunnsengasjement ut over det vanlege
Brukernavn 
Passord 
 
Samfunnsengasjement ut over det vanlege

Jostein Vike

Samfunnsengasjement ut over det vanlege

Del | |

Jostein Vike var sentral i store endringsprosessar i Lindås, blant anna utbygginga av industri på Mongstad.

Publisert 17.09.11 13:34
Endret 17.09.11 13:26

•    Fødd: 1937
•    Bur: Vike ved Vikanes
•    Partitilknyting: Senterpartiet

Han har dessutan vist eit samfunnsengasjement utanom det vanlege, for til dømes Den Indre Farleia og kampen for storhamn på Mongstad.

Det går fram i grunngjevinga frå forslagsstillaren, som har valt å sjå bort frå dei politikarane som er aktive i dag.

Vike fekk i 2007 Kongens fortenstmedalje i gull for langvarig samfunnsgagnleg virke for distriktsutvikling og næringsutvikling i Nordhordland, samt engasjement og innsats for å ta vare på kulturelle og historiske særpreg i regionen.

Vike, til dagleg bonde på Vikanes, gjekk ut or politikken i Lindås på 1990-talet, etter å ha vore ordførar i til saman ti år, først åtte år frå 1992 til 1990 og deretter ein halv periode på 90-talet.

– Eg opplever at mange som sluttar i aktiv politikk også sluttar i aktivt samfunnsengasjement. Her er Jostein Vike eit godt unntak, heiter det i grunngjevinga.

I tillegg til det politiske arbeidet, har Vike brukt mykje tid på andre område som og har med samfunnsutvikling å gjera. Me kjenner han blant anna som pådrivaren som aldri gav opp å få realisert Lyngheisenteret på Lygra og Den Indre Farleia. I dette arbeidet har han og vore ein pådrivar for å få restaurert Lindåsslusene.

Hausten 2008 vart det tatt initiativ til eit nettverk mellom næringsråd, universitet og regionråd langs norskekysten. Ein av dei som var med å ta initiativet, var Jostein Vike.

– Eg er ikkje så aktiv som eg var! seier Vike i dag. Garden driv han likevel vidare, men nedtrappinga er i gang grunna ei vond skulder og revmatisme. Dermed er det fruktdyrking og skogsdrift att.

Når Strilen vil vita om Vike er for ein storkommune, får me dette svaret:

– Passelege store kommunar er bra, men Nordhordland må samarbeida. Og samarbeid om kyststamveg og sjøvegen langs norskekysten er han framleis svært opptatt av gjennom Kystregionsamarbeidet.

Eit slik samarbeid langs kysten frå Kristiansand til Kirkenes ser Vike som ei viktig motvekt mot Oslo-dominansen.

– Store verdiar vert skapte langs kysten. Då er det hakkande gale med så mykje fokus på aust/vest-samband som me har i dag, seier ein engasjert Jostein Vike.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler