Fredagskafeen:
Samlar ungdom i kyrkja kvar fredag
• Heldt til: I Ostereidet kyrkje
• Starta: som ein konfirmantklubb i 1989
• Driven av: Kyrkjelyden på Ostereidet
Endret 19.11.11 16:04
Det starta opp som ein konfirmantklubb i 1989 og så bala det på seg. I dag samlar ungdomsklubben i Ostereidet kyrkje 50-70 ungdommar kvar fredag.
– Me brukar å spøka med at me har fått ein ny vekedag. Den heiter fredagskafeen, flirar Odd Molvik. Han har vore med å driva ungdomstilbodet sidan dag ein, og stortrivst med det.
– Før hadde me det annankvar fredag, men så vart det så populært at me bestemte oss for å ha det kvar fredag. No har me 20 leiarar. Me er ein gjeng vaksne, og så har me lært opp ein del av dei eldste ungdommane, seier han.
Ungdomane heldt til i kjellaren på kyrkja, og tilbodet har ein kristen profil.
– Det betyr at me har andakt kvar gong. Men det er valfritt for ungdomane å delta på den. Me vil at fredagskafeen skal vera ein trygg og sosial møteplass for ungdom, og det føler me at me har lukkast med. Ungdommane kjem hit for å prata, spela spel og slappa av. Me har biljard, airhockey og mange brettspel, og så har me kiosk med pizza og snop, seier Molvik. Når du les denne teksten her har fredagskafeen akkurat vore på tur til Frekhaug.
– Me har gjort det før, med stor suksess, så det gjentek me gjerne. Me leiger rett og slett idrettshallen på Nordhordland folkehøgskule, og er der ein heil kveld. Me kjører ungdommane med buss tur-retur Ostereidet og har det kjempegøy.
Drifta av fredagskafeen skjer på frivillig basis, og foreldre i bygda stiller også frivillig opp som Natteravnar. Natteravnane går kvar fredagskveld i området rundt kyrkja og idrettsanlegget, for å sikra at alt går fint for seg.
– Dei gjer ein fantastisk fin innsats for bygda. Fredagsklubben er eit rusfritt arrangement og eg trur det betyr mykje for bygda at me har eit slikt tilbod til ungdommen, seier Molvik. Tilbodet er for elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





