Kari Utkilen
Ser dei svake i samfunnet
– Kva seier du? Har nokon nominert meg som beste politikar. Det hadde eg aldri trudd. Eg er jo mest kjend for å vera den som er kritisk, pirkar borti ting og stiller spørsmål. Då vert du ikkje alltid så populær!
Endret 17.09.11 13:13
• Fødd: 1960
• Bur: på Utkilen
• Partitilknyting: avtroppande Høgre-politikar
Kari Utkilen legg ikkje skjul på at ho er litt overraska når Strilen ringjer og fortel at ho er ein av kandidatane til Nordhordlands beste. Ho har alltid vore ein dame med sterke meiningar. Men det er også ein eigenskap Strilen sine lesarar meiner er viktig hjå ein politikar.
– Då eg og mannen min flytta til Austrheim i 1985 sa han til meg at no fekk eg jammen santen gå inn i lokalpolitikken, i staden for å sitja heime og kjefta på alt som var gale, flirer Kari.
Ho tok oppfordringa på alvor.
– Eg sat i kommunestyret ein periode på 1980-talet og så har eg akkurat avslutta ein periode no. Eg har meiningar om så mykje, men saker som handlar om kvinner og svake grupper i samfunnet ligg nærmast hjartet. Du kan vel seia at eg er ei gammal raudstrømpe. Eg er veldig glad i menn, men eg meiner at det må både kvinner og menn til for å finna gode løysningar. Me tenkjer gjerne litt forskjellig, og det me kjem fram til saman, er som oftast det beste.
Born, funksjonshemma og eldre er også grupper Kari meiner me ikkje må gløyma. Ho synest at ein god politikar må gjera klare prioriteringar.
– Visst du prioriterer noko, må du også vera klar over at du prioriterer vekk noko anna. Det synest eg er viktig å få fram, og det har eg også fokusert på i mange samanhenger, seier ho.
Det er Høgre som er Kari sitt parti, og ho har hatt ein del verv i partiet. I løpet av sine to periodar i kommunestyret har ho også vore innom formannskapet og det som ein gong i tida heitte helse og sosialutvalet.
Til dagleg jobbar ho i kulturavdelinga i kommunen.
– Eg er oppteken av kultur, men sidan eg jobbar med det og er ein del administrasjonen i kommunen, føler eg at det er litt vanskeleg å engasjera seg for det som politikar og privatperson. Eg likar ikkje å hamna i situasjonar der eg risikerer å blanda rollene. Difor har eg valt å ikkje vera medlem eller knyta meg til bestemte lag- og organisasjonar. Men eg har tatt på meg verv i foreldreutvalet og tatt min tørn med slike ting då eg borna var yngre og det føltes naturleg, seier Kari.
Då ho fylte 50 år, bestemte ho seg for at det var på tide å slutta med noko og begynna med noko anna.
– Eg er framleis eit engasjert menneske, men eg har funne ut at eg vil ut av lokalpolitikken fordi eg litt for ofte føler at eg er på begge sider av bordet, og at det hindrar meg i engasjera meg i ein del saker som eg synest er viktig. No har eg slutta med politikk og begynt med segling. Friluftsliv og idrett har alltid vore viktig for meg, og eg jobba litt dugnad for Havsportveka. Når du bur på ein plass som Austrheim, er det kjekt å kunna gjer ein del slike ting. Det vil eg gjerne gjera meir av i tida framover, seier Kari.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





