Strilen / Beste / Set sørvis framfor alt
Brukernavn 
Passord 
 
Set sørvis framfor alt

Bunnpris, Bøvågen:

Set sørvis framfor alt

Del | |

På Bunnpris i Bøvågen er beteninga like trufast som kundane. Det trur dei kundane set stor pris på.

Publisert 17.02.11 11:49
Endret 17.02.11 12:16

Bunnpris Bøvågen
•    Opna: 6. november 1975
•    Dagleg leiar: Frode Myking
•    Tilsette: Om lag 6 årsverk
•    Butikktype: Daglegvarer

– Elles hadde me vel ikkje fått så mykje lefser, blomar og konfekt til jul, smiler Else Villanger. Ho trur dei eldre set spesielt pris på å sjå kjende fjes når dei kjem i butikken,  men i grunnen trur ho alle likar det.

Else har jobba i butikken i 23 år og er den som har vore der tredje lengst. Rekorden har Margunn Mjøs, som har vore der i heile 33 år, og som ein god nummer to kjem Kari Valdersnes Marøy med sine 28 år på same butikken.

– Det er sjølvsagt fordi me trivst veldig godt her. Me har det veldig kjekt både oss tilsette imellom og i lag med kundane, smiler ho.

– Til og med seljarane kommenterer kor mange av oss som går igjen her, legg ho til.

Bunnpris er den femte kjeda Bø-butikken har vore knytt til. Den første var Favorittmat, så vart dei Multifavoritt, Fokus, Ica og no Bunnpris.

Men før det igjen, var det to butikkar på Bø, ein i Varhaugen som Erling Haugland eigde, og ein på kaien som Stevnebø eigde. I 1975 la Haugland ned butikken på Varhaugen samstundes som Stevnebø flytta sin butikk opp i krysset der Bunnpris er i dag.

Bunnpris har både Post i butikk og tipping.

Else Villanger trur det som kjenne­teiknar butikken er at dei strekkjer seg langt for å yta god sørvis. Med det meiner ho ikkje berre at dei kjører varer heim på kjøkkendisken for kundane, men at dei prøver å vera så blide og snille dei kan i det daglege, og tek seg tid til å slå av ein liten prat. Og så prøver dei sjølvsagt å skaffa det folk vil ha, fortel ho.

– I dag kan folk handla nesten kor dei vil fordi dei fleste har bil. Difor er det ikkje sjølvsagt at dei handlar her. Men me prøver å tilpassa opningstidene og vera så imøtekomande at folk synest det er kjekt å koma hit, seier Else.

Ho veit at veldig mange av kundane vel å handla der for at butikken ikkje skal forsvinna, og det synest ho er ein fin tanke.

– Det handlar jo ikkje berre om det at det er langt til neste butikk, men det er jo også ein arbeidsplass. Dessutan ville det vorte rart utan ein daglegvarebutikk her, seier ho. 

Om sommaren er det eit yrande liv i Bøvågen med alle hyttefolka og campingplassfolka. – Dette merkar me godt på butikken, seier ho.

 

Dikt

Ein av dei som synest butikken har fortent ein plass blant dei nominerte, har til og med skrive dikt om butikken sin:

Me har ein butikk her på Hordabø
der BUNNPRIS-tilboda står i kø.
betjening som smiler og hjelper til
ja der er dei alle sånn orntleg snill.
 
Her kan me senda POST til venn og kjær
og levera kupongen for å bli millionær
brød og melk, og frukt so fin
eg er glad i butikken MIN.
 
Om været er dårlig du er litt sur
so hjelpe da alltid med ein butikktur
for Frode og staben e alltid glade,
og visst ikkje da hjelpe, so sel dei sjokolade.
 
Ja dette e butikken for små og for store
og treng du hjelp ber dei varene heilt heim på kjøkkenbordet
du finn det du treng til kvardag og fest
ja butikken vår den er nok BEST!!


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler