Strilen / Beste / Skauge/Myking - For dei med sans for idyll
Brukernavn 
Passord 
 
Skauge/Myking - For dei med sans for idyll

Skauge/Myking - For dei med sans for idyll

Del | |

På turstien mellom Myking og Skauge er det like idyllisk anten ein ruslar eller joggar i sommarhalvåret eller går på ski om vinteren.

Publisert 13.05.11 16:28
Endret 13.05.11 16:27

Kommune: Lindås.
Tid: Om lag 40 minutt kvar veg.
Rute: Hovudstien går Skauge – Myking, men der er merka avstikkarar og rundløyper både til Hodneland, Sletten og Lauvålen.
Høgde: Flatt.
Eigna for: Alle. Kan gå hovudstien med barnevogn, men ikkje å anbefala enno. Kjempefin skiløype om vinteren.

Turstien mellom Myking og Skauge er den vakraste og mest idylliske stien av alle stiar, skriv dei som meiner stien fortener tittelen Nordhordlands beste.

Stien er den tidlegare vegen mellom dei to bygdene og er svært mykje brukt.
 
Rein idyll
Frå Skauge startar stien i Uglåsen og går mot Myking gjennom lettkupert terreng omringa av nydelege tre og natur.

Ein passerer også nokre elvar, som grendelaget på Myking har laga bru over.

Ved desse er det flotte idylliske og romantiske plassar perfekte for ein liten pust i bakken.

Ein liten kvil kan ein også ta på benkane bygdelaget har sett ut langs stien.

Vil ein gå frå Myking, er stien merka frå parkeringsplassen ved bedehuset.
 
Rusta opp på dugnad
Sidan bygda fekk status som Trivselsgrend for åtte år sidan, har ei gruppe på 10-12 personar halde fram med å rusta opp stiar i nærområdet.

Langs stiane har dei både grøfta, lagt ned rør og drenert, kjørt grus og rydda ein god del, fortel sjefspiskar i bygdelaget, Helge Fimland.

I tillegg har dei som sagt laga benkar, montert bruer over elvane, lagt plank over torvmyrane og laga og sett opp skilt.

Skilta er monterte ved kvar inngang til hovudstien pluss ved dei ulike kryssa inne i skogen der ein for eksempel kan gå til Hodneland eller Sletten.

Ved inngangane til stiane har dei også sett opp tavler som viser dei ulike turløypene ein kan gå.

No er ryddegjengen godt i gang med rydding av avstikkaren til Hodneland også.
 
Nydeleg skiløype
Stien er også veldig mykje brukt som skiløype om vinteren.

Då er det så idyllisk med trea som legg seg som ein tunnel over stien, at ein nesten mister pusten, vert Strilen fortalt.

På hovudstrekket mellom Myking og Skauge, kan ein på tørre dagar gå med ei robust barnevogn, men per i dag er ikkje det å tilrå.

Målet er å leggja tilrette for både barnevogn og rullestol på sikt, men så langt er ein ikkje komen enno.

(Foto: Myking bygdelag Trivselsgrenda)


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler