Strilen / Beste / Skausneia - Tørrskodd trim for kropp og hjerne
Brukernavn 
Passord 
 
Skausneia - Tørrskodd trim for kropp og hjerne

Skausneia - Tørrskodd trim for kropp og hjerne

Del | |

– Utsikta er som å sitja på brua på ein diger tankbåt på veg ut Fensfjorden.

Publisert 13.05.11 16:12
Endret 13.05.11 16:11

Kommune: Lindås.
Tid: 17-40 minutt opp.
Rute: Stien frå Vågseidet er mest brukt, men ein kan også gå frå Skauge, Sletten, Fjellsende, Fjeldsbø og Nedre Skodvin. Tida er mykje det same uansett start.
Høgde: 363 moh.
Eigna for: For alle som likar bratte stiar og kan gå på føtene.

Ein tur på Skausneia gjev både fysisk trening og hjernetrim, seier folk som går der.

Toppen er ein av fem toppar i Lindås Idrettslag sin «Tur- og  topptrim», og er blant dei aller mest besøkte i hele distriktet.

Berre dei tolv første dagane i mai hadde heie 412 personar vore oppe.

Dei siste åra har talet på besøkjande lagt på rundt 6000.
 
For kropp og hjerne
Den mest brukte vegen opp er frå Vågseidet.

Med denne ruta er det 2 km opp og 327 høgdemeter.

Dei aller sprekaste klarer turen på 17 minutt, men oppunder 40 minutt er mest vanleg.

Ein av dei som meiner Skausneia fortener å få status som Nordhordlands beste tursti, skriv at sjølv om løypa er forholdsvis kort, er ho bratt og gjev intensiv god trening.

Ein annan legg til at ein også får god hjernetrim og balansetrening ned att sidan stien er så bratt.
 
Kan gå tørrskodd
Stien har dei siste åra blitt rydda og tilrettelagt med bruer og steinar slik at det er mulig å gå tørrskodd, sjølv i dårlig vêr.

Det er truleg dette som gjer at toppen vert så utruleg mykje besøkt.
 
Fenomenal utsikt
Halvvegs oppe i lia ligg Kvitaberget, ein rasteplass med steinbenkar og fin utsikt mot sør og vest.

Oppe ved varden er utsikta fenomenal, og ein ser sjø i alle retningar. På klare dagar kan ein sjå mange oljeplattformer.

«Det er som å sitja på brua på ein diger tankbåt som er på veg ut Fensfjorden», forklarer ein av dei som har slite ut flest joggesko på denne stien.
 
Mange vegar opp
Ein annan ting med Skausneia er at det er mange veger opp.

Det er rydda sti opp frå Fjellsende, Skauge, Sletten, Fjeldsbø og Nedre Skodvin.

Ein fin søndagstur kan vera frå Vågseidet om Skausneia og Fjeldsbø til Selivarden og tilbake.

Denne ruta er skildra i boka «Turar i Lindås» av Knut Langeland.

Ei rute som også kan anbefalast er ein rundtur på om lag 6 km med start på Vågseidet, opp til varden på Skausneia, vidare og ned lia til Nedre Skodvin og så den gamle idylliske prestevegen langs fjellet tilbake til Vågseidet.

(Foto: Helge Jørgenvik)


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler