Pernillekafeen:
Skrytebu for friskusar
• Kafé like ved ferjekaien på Fedje
• Opna i 2010
• Driven av Trond Åge og Lene Renate Ågotnes.
Endret 14.01.11 08:36
I tre år måtte fedjingane klara seg heilt utan kafé. Er det rart dei er stolte av det Trond Åge og Lene har fått til?
Strilen hadde knapt lansert konkurransen nordhordlands beste før dei første e-postane frå Fedje ramla inn, og det kom fleire og fleire. Heile 19 personar har oppfordra avisa om å ta ein tur til Pernillekafeen, og det har me sjølvsagt gjort.
Kafeen starta i mai i fjor og besøket har vore over all forventning. Ein stad mellom 5.000 og 8.000 personar har vore innom sidan opninga, og gjesteboka er full av kommentarar om god mat og flott stemning.
– Me kallar det kafe, slik at terskelen til å koma inn skal vera låg og så vil me ikkje legga lista alt for høgt, men me er nok like mykje restaurant, seier Trond.
Pernillekafeen satsar naturleg nok på ein maritim stil og eitt av borda i kafeen er heilt spesielt. Det er nemleg pryda med to gamaldagse harpunar.
– Kvar av desse har skote 400 kval, så me synest dei passa godt her, flirer Trond.
Fisk har ein naturleg plass på menyen og kafeen har fått laga eigne t-skjorter med slagordet: «Skrytebuæ for kvalfangarar og andre friskusar». Det er Lene som lagar maten og tilreisane kjem gjerne for å eta fiskesuppe eller kvalkjøtt.
Og då passar det bra at kafeen også gjer nytten som turistinformasjon og kan gje tilreisande oversikt over alt som er verd å sjå på øya. Men kafeen er ikkje berre for tilreisande, han har også vorte ein møteplass for folk i bygda.
– Folk kjem gjerne innom for å slå av ein prat og drikka litt kaffi. Det likar me. Det er viktig for oss å skapa ei lun og god stemning her og me set oss gjerne ned med gjestane og slår av ein prat om det passar seg slik, seier dei. Paret trekkjer fram følgjande tre klassikarar frå menyen:
1. Lenes fiskesuppe
2. Kvalgryte
3. Heimelaga eplekake med is.
• Prisklasse:
Middag kostar frå 89 til 169 kr.
Dessert 55 kr.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





