Strilen / Beste / Skulen som ­engasjerer bygda
Brukernavn 
Passord 
 
Skulen som ­engasjerer bygda

Skodvin skule:

Skulen som ­engasjerer bygda

Del | |

– Det er vel eigentleg Hillary Clinton som er opphavet til dette slagordet, som på norsk vert til «Det trengs ei bygd for å fostra eit barn», seier Arne Kvamme, som har vore rektor på Skodvin sidan 1998.

Publisert 16.04.11 09:53
Endret 16.04.11 09:20

•    Eldste delen opna i 1934, dagens hovudbygg reist i 1975
•    Elevar: 67
•    Tilsette: 14
•    Rektor: Arne Kvamme
•    Skuletype: Barneskule, firdelt skule. Undervisninga delt etter dei timeressursane skulen får, per i dag er delinga 1.+2., 3.+4., 5., 6.+7.

– Heile bygda her bryr seg om skulen, den er viktig for dei. Og foreldra bryr seg ikkje berre om eigne born, men også heile flokken rundt.
I ein av nominasjonane som skulen har fått, vert nettopp ulike bygdesamlingar dregne fram som eit godt argument for å kåra Skodvin til Nordhordlands beste skule.
– Det er litt artig at du spør om kva som er bra med Skodvin, for nettopp i dag var det nokre elevar som etter ein musikktime kom med spørsmål om det var mogleg å gå her eitt år til, seier Kvamme.
Akkurat å gå sjuande oppatt kan ikkje rektoren ordna.
– Eg måtte skuffa dei på det, men me var samde om at dei må ha det kjekt på skulen så lenge dei går her.
Rektoren viser til at elevane i ulike undersøkingar svarer at det er eit godt miljø på skulen, og personalet melder om oversiktlege tilhøve.
– Ulike fenomen ein kjenner frå andre stader, som skulking og manglande vilje til å gjera skulearbeid, er stort sett ukjent for oss her, seier han.
Med ein liten skule meiner Kvamme det er lettare å ha oversikt og sjå den enkelte eleven.
– Eg synest me har jobba bra med grunnleggjande opplæring som lesing og skriving, legg han til.
Særleg dreg rektoren fram samarbeidet med ein lokal gardbrukar, eit prosjektarbeid som no er ein fast del av skulekvardagen for mellomtrinnet. Der er elevane ute på garden og deltek i dyrking av grønnsaker og anna gardsarbeid, og grønsakene vert mellom anna nytta til ulike matvarer som dei sel under Bondens Marknad i Bergen.
– Gjennom dette arbeidet får me formidla vesentlege haldningar og kunnskap om korleis ein sjølv kan bidra til å skaffa seg mat. Ved å dyrka maten her i nærmiljøet viser me også korleis ein kan bruka kulturlandskapet rundt oss, seier Arne Kvamme.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler