Ingelin Reigstad Norheim og Hildegunn Garnes Reigstad:
Søstre med ambisjonar
Tvillingsøstrene Ingelin og Hildegunn vaks opp i ein heim i Meland fylt med musikk. Fem år gamle skreiv dei sin første gong, og over 20 år seinare er musikken framleis ein veldig viktig del av livet deira.
Endret 30.06.11 13:34
• Ingelin Reigstad Norheim og Hildegunn Garnes Reigstad • Alder: Tvillingar, 27 år • Bur: i Oslo • Type artist: syng og spelar • Sjanger: Singer-songwriter. Poplåter med innslag av litt forskjellig.
I dag er dei to kjent som duoen Garness og kan sjå tilbake på hundrevis av oppdrag på ulike scener, spennande år i musikkbransjen og to vellukka plateutgjevingar. Debutalbumet deira kom i 2008 og fekk namnet The Good or Better Side of Things. Sleppekonserten var lagt til Soria Moria Teateret i Oslo der det vart fullt hus, kan ein lesa på Garness si nettside.
– No for tida går det mest i låtskriving for oss, kan Ingelin fortelja. Begge søstrene er i dag busett i Oslo og livnærer seg på musikken.
– I tillegg til eigne prosjekt er me med som musikarar for andre artistar. Me er mellom anna mykje med Sigvard Dagsland og speler, seier Ingelin.
Dei to søstrene meistrar mange instrument og det at dei sjølv speler sine eigne songar er viktig for dei.
– Eg speler vanlegvis forskjellige typar gitar og gjerne litt mandolin, medan Hildegunn er god på mange typar «perke-ting», altså perkusjon, harpe og ei rekkje slike instrument som er litt uvanlege og som publikum brukar å vera litt nygjerrige på. Det set også sitt preg på lydbildet vårt.
Musikken og tekstane sine skriv jentene sjølv og tekstane har gjerne det til felles at dei er litt ettertenksame.
– Me skriv gjerne tekstar om ulike epokar i livet, om eigne erfaringar og om allmenne ting som kjærleik og vennskap og slikt.
Som vaksne har jentene to cdar på cven. I tillegg til den som tidlegare er nemnt her, har dei gjeve ut ei juleplate.
– Den fekk me ein del merksemd for, og songar frå den plata er spelt litt rundt om kring, men sjølv om ein har drive med musikk omtrent heile livet er me veldig klar over at det tek litt tid å etablera seg skikkeleg i musikkbransjen.
Ein må vera førebudd på at det kan ta litt tid, og me har inga hast. Me tek den tida me treng med å gjera klar vårt neste album. Det er ikkje noko stress og i mellomtida har me det veldig kjekt med ulike oppdrag for andre, seier Ingelin.
Og når du les dette har søstrene nyleg vore deltatt på konsert med VG-lista på Rådhusplassen i Oslo.
– Elvira Nikolaisen skal synga og har invitert med seg nokre vener til å syngja saman med henne. Det vert nok veldig artig, seier Ingelin til Strilen før konserten.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





