Vegard Eide:
Speler på mange strenger
Heilt sidan han gjekk i 4. klasse har musikk hatt ei viktig rolle i livet til Vegard Eide. Då begynte han i skulekorpset, og sidan balla det på seg.
Endret 18.06.11 13:38
• Vegard Eide• Alder: 19• Bur: på Fammestad• Type artist: syng og spelar• Sjanger: Singer/songwriter, syng poplåtar
I 8.klasse begynte han å spela i band og i 9.klasse skreiv han sine første songar. I fjor var han med i Norske talenter og i år gav han ut sin eigen EP.
– Musikken betyr veldig mykje for meg. Den første låta eg skreiv som eg framførte offentleg heitte Gone. Den framførte eg for klassen min då eg gjekk i 10.klasse, og eg fekk veldig gode tilbakemeldingar. Det gav meirsmak og sidan har eg laga mange eigne låtar, seier Vegard, som for tida går siste året på vidaregåande skule.
– Akkurat no er det veldig stress med eksamen. Eg heldt på å førebu meg til norsk munnleg så det vert ikkje mykje tid til musikk denne veka, men til vanleg brukar eg mykje tid på musikken, og meire håpar eg at det blir neste år, seier Vegard, som har planar om å bruka det neste året til å dyrka musikkinteressa. Han er kome inn på ein folkehøgskule med musikklinje i Sandefjord og gler seg veldig.
– Eg håpar at eg skal få utvikla mange sider av meg sjølv både songen, tekstskrivinga og spelinga. Og Vegard har eit talent som er vel verd å satsa på, skal ein tru den som har nominert han til tittelen Nordhordlands beste artist.
«Han er veldig engasjert og er eit multitalent. Han skriv eigne songar, spelar fleire instrument og har skikkeleg originalitet», heiter det i ein e-post som avisa har mottatt. Og det stemmer. Vegard kan spela både kornett, gitar og kontrabass og han skriv mange av tekstane sine sjølv.
– Eg skriv om mykje forskjellig, men eg har nok ein litt spesiell stil. Tekstane er gjerne litt triste. Du kan vel seia at eg har ein melankolsk stil.
– Er du litt trist sjølv også då?
– Hehe… nei absolutt ikkje. Eg er ein veldig bli fyr. Eg veit ikkje heilt kvifor musikken min vert slik, men det er slik eg likar den, seier Vegard.
Og musikken hans er vorte lagt merke til. Vegard har mellom anna fått tildelt Drømmestipend for musikken sin, og han har spelt og sunge på ei rekkje scener i nærområdet, delteke i UKM fleire gonger og varma opp for bandet Pogopops.
– Eg synest det er veldig kjekt å dela musikken min med andre, og håpar at eg får gjort meir av det i åra framover.
– Og korleis ser du deg sjølv om ti år?
– Då håpar eg at eg i har fått gitt ut minst to album og at folk let seg freista til å høyra på dei, seier Vegard, og skulle du vera nygjerrig på musikken hans kan du kjøpa ep-en hans på Galleriet i Knarvik eller få ein prøvesmak på internettsida: myspace.com/vegardeide
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





