Strilen / Beste / Sprell levande ­landhandel
Brukernavn 
Passord 
 
Sprell levande ­landhandel

Hjelmås Handelslag:

Sprell levande ­landhandel

Del | |

God tid til kundane, velfylt butikk og sjarmerande sjølvplukk i urtehagen om sommaren er noko av det som gjer Hjelmås Handelslag til ein livlig landhandel trass sine snart 112 år.

Publisert 17.02.11 11:49
Endret 17.02.11 12:36

Hjelmås Handelslag
•    Opna: 1899
•    Dagleg leiar: Helge Ånensen
•    Tilsette: To på fulltid og to på deltid.
•    Butikktype: Landhandel, daglegvare

– Helge Ånensen, som er dagleg leiar, er heilt eineståande. Er det nokon som manglar noko til frukost søndags morgon, så går han gjerne ned i butikken og finn det, seier Solveig-Karin Heggernes.

Sjølv har ho jobba 32 år i butikken på kaien og stortrivst.

– Me har eit veldig godt arbeidsmiljø og veldig trivelege kundar, seier ho.

Det er flest stamkundar som kjem, men det er alltid nokon nye som finn fram, gjerne fordi dei ligg på kaien. Det er brød det går mest av. Bakeria Tysse og Martens leverer brød tre dagar i veka kvar, slik at butikken alltid har godt sortiment av ferske brød.

– Spesielt Tysse-brøda trekker folk. Mange vil gjerne ha noko litt anna enn det ein får alle plassar. Me brukte å få brød frå bakaren på Seim, men då han gav seg, begynte me å bestilla frå Tysse.

Om sommaren vaknar hamna til liv med båttrafikk, badenymfer og andre som nyt livet ved sjøen. Ved 100-års markeringa til butikken vart Handelslagets venner stifta. Dei har blant anna laga til ein urteseng, med leikeplass og hagebord like ved butikken. Om sommaren kan kundane plukka seg ferske urter frå Helges Himmelske Urteseng, og betala ein tiar eller to for dei på butikken.

– Der finn dei ramslauk, persille og mykje godt. Det er spesielt kjekt for kundane når dei skal laga til fersk fisk på grillen eller heime på kjøkkenet, seier Solveig-Karin.

God tid til kundane framhever ho som noko av det viktigaste dei har.

– Når eg kjem inn her forventar eg å finna det eg treng, og det gjer eg alltid, seier ein smilande kunde og hastar vidare.

– Hjelper du ho ut med posane sidan ho har baby med seg? ber Solveig-Karin Heggernes til Jan Richard Midtgård (13).

Han smiler og iler til. Han jobbar her to dagar i veka medan han går på skule.
– Han er veldig flink og hjelpsam, skryt Solveig-Karin.

Therese Algstrøm jobber i 30 prosent stilling og er i full aktivitet med å få siste vareleveranse inn i hyllene.

Ein velfylt landhandel er ikkje sjølv­sagt i desse dagar.

– Det er nok takka vera Helge. Han er veldig samlande og yter veldig mykje, seier Solveig-Karin.

Med 32 år i jobben har ho nok hatt ein finger med i laget og.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler