Heilt orginalt, Nedre Lindås:
Stabburet med det rare i
Elisabeth har opna verkstad og butikk i eit gamalt stabbur, som skal vera den eldste bygningen på Lindås. ?
Endret 17.02.11 12:43
Heilt originalt, Nedre Lindås
• Opna: 27. november 2010
• Dagleg leiar: Elisabeth Tonheim
• Tilsette: 1
• Butikktype: Sjølvstendig kunstnarisk verksemd innan visuell kunst
Stabburet står på eigedomen Rosenlund, som bygdefolket i ei årrekkje har hatt eit spesielt forhold til blant anna fordi Saniteten har halde til der. Med det i tankane og fordi
Elisabeth og sambuaren vart så godt mottekne då dei kjøpte eigedomen for seks år sidan, har ho gjort stabburet til ein møteplass for alle.
– Dersom «Heilt originalt!» kan gje folk ei hyggelig stund og skapa begeistring og inspirasjon, så har me fått gitt noko tilbake, seier den gjestfrie, kreative og sprudlande dama.
Med bollar i frysen og alltid kaffi på kanna, har ho gjort det klart for heile bygda at så sant ho er heime, er det ope hus. Og som regel finn ein henne i verkstaden.
Der blæs ho nytt liv i gamle ting som folk gjerne ikkje ser nytte i lenger, ved å gje dei ein ny funksjon. Då Strilen var innom, hadde ho til dømes laga ei aviskorg av eit gamalt vindauga, litt hønsenetting, gamle aviser og ein høygaffel.
– På denne måten blir det originale ting laga av originale ting, ler ho og viser ein gamal utedoring, som ved hjelp av litt piggtråd har blitt eit flott oppheng til konjakkglas.
– Det handlar ikkje om idealisme, men om mystikken i alt det gamle og det å kunna gje det ein ny bruksverdi, seier ho.
Etter å ha pussa opp det flotte huset på eigedomen, har ho også blitt ein kløppar i å restaurera vindauge. Ho kvir seg heller ikkje for å restaurera gamle møblar eller reparera stort sett kva det skulle vera.
I butikken sel ho mange spennande gamle brukte ting og møblar. Desse har ho fått eller kjøpt inn, og nokon av dei har ho kanskje reparert litt. I tillegg sel ho sjølvhekla lampeskjermar, handklede, korger, hakesmikker med slips og mykje anna rart. Og så har ho tatt inn litt urtekrydder, såper og te frå lokale produsentar. Og sist, men ikkje minst sel ho heimelaga plukkfiskkaker.
– Dei går nesten unna fortare enn eg klarer å laga dei, ler ho.
– Er du ein skrotnisse?
– Nei, på ingen måte. Det eg samlar på, samlar eg på heilt bevisst, og eg har ingen problem med å hiva ting, ler Elisabeth som ønskte seg rekved til jul.
– Kva seier folk når dei kjem inn i butikken din?
– Dei vert først veldig overraska og går undrande og himmelfalne rundt og berre ser. Men dei synest det er veldig artig, og eg har alt fått mange faste kundar som kjem langvegsfrå.
For at folk skal kunna følgja med kva «godbitar» ho har i butikken sin, har ho laga ei gruppe på Facebook der ho legg ut bilde.
– Eg prøver å ha god sirkulasjon i utvalet, slik at det alltid skal vera noko nytt her, seier ho.
No i vinter har ho ikkje hatt faste opningstider, men har ope når ho er heime. Men i vår og i sommar skal ho ha faste opningstider igjen. Og det gler ho seg til.
– Då skal me steikja lappar ute og drikka kaffi og kosa oss, sprudlar ho.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





