Strilen / Beste / Står på for samfunnshuset
Brukernavn 
Passord 
 
Står på for samfunnshuset

Hallvard Geirr Sjurseth:

Står på for samfunnshuset

Del | |

«Han gjer ein enorm jobb for Samfunnshuset Haugatun». Det er grunngjevinga for at ei dame på Lindås meiner Hallvard Geirr Sjurseth bør ta tittelen «Nordhordlands beste eldsjel».

Publisert 17.12.11 02:38
Endret 17.12.11 02:04

Ho skriv at Sjurseth er i Haugatun «mest til alle døgnets tider». Han ryddar blant anna ute og inne etter at huset har vore i bruk, og han vaskar og held orden på vaskemidlar, toalettpapir og tørkerulla utan at nokon ber han om det, Om sommaren når huser står tomt, bonar han golva. Han vaskar golva grundig, slik at dei er reine nok til lakkering. I løpet av denne årstida reinsar han også alle stolane. Ikkje nok med det: Han passar på at boset vert sett ut for henting, og han passar på at bord vert reparert når det trengst.

«Vaktmeisteren» passar også på oppvaksmaskina og reinsar den når det trengst. Han vaskar opp alle moppar etter golvvask og vaskar dukar og handdukar. Etter at det har vore arrangement i samfunnshuset, tar han matavfall med seg heim for heimekompostering.

Forslagsstillaren opplyser også at Hallvard kan laga mat også, og han har servert Lindås Ungdomslag når dei har hatt lange øvingar. Han får også tid til å returnera flasker for panting, og han passar på å desinfisera dørhandtak og det folk elles rører ved.

«Dette gjer han når ingen andre er i huset, slik at ingen veit kva for arbeid han legg ned gjennom heile året. Og dette har han gjort i 25-30 år. Så han er absolutt ein pris verdig heiter det i nominasjonen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler