Strilen / Beste / Stem fram den beste turstien
Brukernavn 
Passord 
 

Stem fram den beste turstien

Del | |

Her er kandidatane til tittelen Nordhordlands beste tursti, og laurdag 14. mai startar avstemminga.

Publisert 13.05.11 16:45
Endret 13.05.11 16:42

Denne månaden oppfordrar me lesarane våre til å vera med å stemma fram Nordhordlands beste tursti/ turløype.

Me har fått inn mange flott forslag til gode kandidatar og har plukka ut åtte turar, som du kan stemma på oppe til venstre på denne sida.

Dei fire første kandidatane vart presenterte i avisa torsdag, dei fire siste i laurdagsavisa.

Nordhordland er ein region med mykje flott natur, og det viser også att i forslaga som er komne inn. Blant kandidatane finn ein alt frå grusa aktivitetsløype i Knarvik, til kjappe turar på lokale toppar til ein skikkeleg fjelltur i Masfjorden.

Avstemminga på nett startar laurdag 14. mai, og skulle du har lyst til å testa ut nokre av turane før du stemmer, er det gode mulegheiter for det, sidan siste frist til å stemma ikkje er før tysdag 31. mai.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler