Stor jubel på liten skule
Jubelen var stor i ballbingen på Kløvheim onsdag, der «Beste skule» vart heidra.
Endret 06.05.11 22:46
– 490 stemmer, var eit av tipsa frå blide elevar.
– Avstemminga viste til slutt 495 stemmer i Strilen si lesar-avstemming, opplyste redaktøren i Strilen. Dermed hadde skulen vunne ein klar siger over neste skule, som hadde 140 stemmer.
Diplom, roser, ballar og snop
Redaktøren kom til skulen med diplom, blomar og «ekstrapremie» både til elevar og lærarar. Turen til Kløvheim tok han også for kring ein månad sidan, då skulekorpset i bygda kneip tittelen «Beste lag/organisasjon».
Elevrådsleiar Vegard Eidsheim Kvingedal tok imot diplom som bevis på kåringa til «Beste skule». Bukett med roser gjekk til fungerande rektor Malin Møvik då rektor Turid Sporsheim Tvedt var borte på kurs.
Mest jubel vart det for premien til elevane – to nye og gode fotballar. Dei vart kjapt tatt i bruk i ballbingen. Redaktøren hadde og med seg noko godt til lærarane.
Stor mobilisering
«På Kløvheim skule opplevde eg eit heilt anna miljø enn eg gjorde på storskulen», skriv ein tidlegare elev som hadde nominert vinnar-skulen.
Skulen har berre 38 elevar, men det ser ikkje ut til å ha gått ut over miljøet. Som kjend er det vedtatt nedlegging, og at Kløvheim og Eikanger får ny felles skule.
Vedtaket om nedlegging har utan tvil ført til at mange i bygda har stemt og mobilisert for korpset og skulen. Før dei to siste titlane gjekk til Kløvheim, vann Fedje ved Pernillekaféen og Bøvågen ved Bunnpris, stemt fram som «Beste serveringsstad» og «Beste butikk».
Må mobilisera
Kåringa viser uansett at dei som vil heilt til topps kvar månad, må mobilisera kraftig. Stemminga skjer på nettsida til Strilen.
Der kontrollerer leverandøren av nettsidene at kvar datamaskin/PC berre får bruka stemmeretten ein gong.
Seinare i mai startar stemminga på «Beste tursti», som vert kåra tidleg i juni.
«Beste skule» kåra gjennom avstemming på Strilen si heimeside og telefonstemmer:
• Kløvheim skule - 495
• Fedje skule - 140
• Festo - 137
• Rossland skule - 109
• Skodvin skule - 79
• Alversund skule - 74
• Nordhordland kristne Grunnskule - 69
• Knarvik ungdomsskule - 60
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





