Strilen / Beste / Stor meny tett på sjøen
Brukernavn 
Passord 
 
Stor meny tett på sjøen

Lindås Brygge

Stor meny tett på sjøen

Del | |

•    Restaurant i sjøkanten på Lindås.
•    Eigar: Konsensus holding.
•    Vart overtatt i 2002 etter 5 års drift av Lindås Feriesenter.

Publisert 13.01.11 13:30
Endret 13.01.11 12:47

– For oss er det viktig å ha ein stor meny og mat av god kvalitet. Men har alt frå pølse og pommes frites til skikkeleg à la carte. Det er viktig fordi me satsar breitt både på restaurantbiten, tilrettelegg for store selskap og catering. Det siste er me veldig store på, seier Petter Johannessen på Lindås Brygge og viser til at dei leverer både overtidsmiddag, snittar, koldtbord, pizza og à la carte-rettar.

Han kan fortelja at restauranten får mykje skryt både for maten og nærleiken til sjøen. Lindås brygge, ligg som namnet tilseier, på bryggekanten og har gjestehamn med servicetilbod for båtfolket. På fine dagar kan ein sitja ute på terrassen med uteservering og nyta utsikta over Lindåsosane. Restauranten har ope alle dagar også om vinteren.

Lokalet er inndelt i tre restaurantar med ulike storleikar. I tillegg kan ein leiga «Naustet» til lukka arrangement. Det er eit tett lite bygg som ligg for seg sjølv heilt i sjøkanten med mange vindauge og plass til tjue personar.

– Dette er veldig populært og vert mykje brukt av ulike firma, seier Johannessen.

– Folk er flinke til å bruka oss og me har travle dagar. Menyen varierer med sesongen. Me har mykje sjømat, får Strilen vita.

Nærleiken til sjøen gjer det naturleg å kjøra ein maritim stil og Lindås brygge har mellom anna arrangert eigne skaldyrkveldar, men det er også kjøttrettar på menyen.

– Mange av gjestane i restauranten er folk som har oppdrag på Mongstad. Men folk som bur rundt her brukar oss også litt i kvardagen. Kvar torsdag har me til dømes raspeballar. Det er veldig populært, seier Johannessen, som kan freista med desse tre rettane frå menyen:

1. Fiskesuppe er ein fin forrett
2. Breiflabb er flott til hovudrett
3. Og heimelaga karamellpudding er ein populær dessert.

• Prisklasse:
Smårettar frå 120-200
Hovudrett à la carte 250-300 kr
Dessertar 60-80 kr.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler