Tor Halvor Halvorsen og Preben Hodneland:
Strilige karar
Tor Halvor og Preben har tatt pusten frå Lindåsbygda med artige sprell og gode prestasjonar på scena.
Endret 18.06.11 13:35
• Tor Halvor Halvorsen og Preben Hodneland • Alder: 36 og 27 år • Frå: Begge kjem frå Lindås. • Type artist: Skodespelar/revy
Lindås ungdomslag har i ei årrekkje levert oppsetningar og revyar av høg kvalitet og Preben og Tor Halvor har absolutt medverka til det. Men karane har vore med på mykje meir enn det.
Tor Halvor har vore med i førestillingar som «Jan Herwitz» og «Hakkebakkeskogen» ved Den Nationale Scene i Bergen. Han har også spelt i «Hvem har tatt min venstre sko» og «Rødt lys» produsert av Vestlandske Teatersenter og vore med i suksessførestillinga «Kaptein Knurr» i Gamle Bergen.
Preben har førestillingar som «Rent», «Miss Saigon» og «Which Which» og Rv555» av Vestlandske Teatersenter på rullebladet. Han har også studert song ved Complete Vocal Institute i København.
No er dei to også i ferd med å gå «duo» under namnet «Strilige karar». Og det er på høg tid, skal ein tru ein del av dei som tidlegare har site i salen og sett desse to på same scene. Karane jobbar fram mot premiere i september og gler seg veldig til å visa det dei har jobba.
Stykket dei skal visa heiter «Stones in his pockets» og går føre seg i småbyen County Kerry, der ein får møta to karakterar som begge har fått jobb som statistar i ein stor Hollywood-produksjon. I stykket møter ein også ei rekkje andre karakterar og dei to skal ha i alt femten ulike roller.
– Det er full fart. Akkurat no jobbar me mest med å læra oss tekstane. Du kan vel seia at det tek litt tid når to personar skal læra seg tekstar til eit heilt stykke, men det går veldig bra. Me har det utruleg artig, seier Tor Halvor.
Han kan fortelja om ein kjekk komedie, med nokre alvorlege undertonar. Planen er at det skal visast på Lindås, i Austrheim og kanskje også i Radøy. Samtidig som dei jobbar med dette har dei to også ei rekkje prosjekt kvar for seg som krev mykje fokus i månadane framover.
Denne veka har Preben vore i Oslo der han tek opptaksprøven til teaterhøgskulen. Han skal også vera med på Håkonarspelet på Seim i sommar, medan Tor Halvor også denne sommaren vert å sjå i Kaptein Knurr i Gamle Bergen.
– Det er utruleg mykje som skjer framover no. Det er litt skummelt og veldig artig, og me håpar mange har lyst til å koma å sjå på oss, melder karane.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





