Strilongane
Syng så taket løftar seg
Songglede, er eit viktig stikkord for eldsjelene bak Strilongane. I den mørke årstida, spreier dei lys og glede i bygda si.
Endret 17.03.11 22:06
• Starta: For om lag 16 år sidan
• Heldt til: På Rossland.
• Medlemmar: ca. 50
• Aktivitet: Barnekor
– Me er mest aktive på hausten og vinteren fordi vår erfaring er at det er då borna har mest behov for å ha noko å gjera på, seier Inger Mette Bratshaug. Ho er ein av to dirigentar i barnekoret på Rossland. Med seg på laget har ho også Marianne Sjo Rossland og Ottar Mæstad på piano.
– Dei har stått på for koret i mange, mange år, skriv ein kar som har nominert dette koret til Strilen sin konkurranse. Han kjenner ikkje til at dirigent og medhjelparar har fått noko spesiell merksemd til no, og meiner at dei verkeleg fortener litt ros for innsatsen sin med koret.
– Dei har gjort ein kjempejobb, er meldinga til avisa.
Og ein treng ikkje ha vore mange minutt på øving med denne gjengen for å forstå at her er det mykje godt humør og songglede.
Koret øver måndagar og tel over 50 born.
– Me er eit frilynt kor med mange typar songar på programmet, felles for dei fleste av dei er at dei har litt trøkk og borna er veldig ivrige etter å få synga. Hjå oss er det viktig at alle som vil skal få prøva seg. Det er ikkje eit krav at ein må synga reint for å vera solist. Me vil fremja songglede og gje borna trening i å stå framfor eit publikum. Og eg trur borna har det veldig gøy og lærer masse av å synga i kor, seier Inger Mette.
På øving har koret gjerne ei stund med open mikrofon, der dei som vil får sjansen til å synga solo.
– Då er det kamp om å få prøva seg. Born er veldig forskjellige. Nokon er mykje frampå, andre meir forsiktige. I ein del samanhengar vert dei som er meir stille gjerne verande litt i bakkant, men me prøver å oppmuntra alle til å prøva seg og få ei positiv oppleving. Det ser me at borna veks veldig på, seier Inger Mette, som kan fortelja at barnekoret har vore med på mange kjekke prosjekt.
– Me har gjort det til ein tradisjon å halda ein stor vårkonsert. Det er eit stort høgdepunkt, og så er me veldig glade i songane til Bjarte Leithaug. Me har vore med på korfestivalen hans i Knarvik kvar gong den har vore, og når koret har øving lagar me til eit eige rom til foreldra. Koret samlar born frå ulike stader i kommunen og me vil gjerne at foreldra skal få god kontakt, så dei får sitja på eit rom og prata og drikka kaffi, medan me kosar oss med songen, får Strilen vita.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





