Sleirsfjellet opp
Til taket av Masfjorden
• Type arrangement: Motbakkeløp
• Kvar: Sleire i Masfjorden
• Kor mange gonger: Årleg sidan 2009
Endret 16.10.11 15:13
Lokale eldsjeler og Risnes IL drog sommaren 2009 i gang motbakkeløpet Sleirsfjellet opp, som tek deg frå grendahuset og opp til toppen av – ja nettopp Sleirsfjellet.
Varden på toppen er 543 meter over havet, og det gjev ei stigning på kring 500 meter i løpet av den 3,4 kilometer lange løypa. Kanskje ikkje det brattaste motbakkeløpet på Vestlandet, men bratt nok til å testa både lår- og leggmusklar.
Deltakartalet har gått oppover for kvart år løpet har vorte arrangert, med nær 140 i 2009, kring 200 i 2010, og 260 no i 2011. Sjølvsagt er det mange masfjordingar å sjå mellom deltakarane, men også strilar frå andre delar av regionen er med på å gjera dagen til ein trimfest.
– Den største auken har vore for dei utan tid. I år hadde me familiar frå heile Masfjorden, og det er gledeleg at me kan delta på ting på tvers av bygdene, seier Tove Kristin Sleire Tistel, eldsjel for løpet og medarrangør sidan starten.
– Målet er å fremja lysta til å driva aktivitet og halda seg i form. Me oppfordrar folk til å konkurrera med seg sjølv, det er den beste måten å konkurrera på.
Sleirsfjellet Opp har felles oppvarming før start, muntre heiarop frå løypevaktene, og kjærkomen drikke når ein endeleg er på toppen.
I 2012 er løpet fastsett til laurdag 9. juni.
– Løpet har skapt engasjement i bygda, og vist at me kan få ting til her også, seier Tove Kristin Sleire Tistel.
– Me har ei fast gruppe som står for organiseringa, med god hjelp frå bygdefolk, Risnes IL og kommunen.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





