Tjorehagen med over 300 rododendronartar
Stad: Tjore, Radøy kommune
Type attraksjon: Hage du kan vandra i.
Endret 17.08.11 17:12
Då Olav Tjore bygde seg hus i utmarka på Tjore, var det ingen bilveg der og materialane vart frakta opp frå sjøen med løypestreng. I dag ligg hagen hans sentralt plassert like ved Fylkesveg 565, og mange finn vegen hit for å oppleva blomeprakt og hageidyll.
– Besøket er jamt bra. Både lokale, turistar med bubil og bussar med grupper kjem for å sjå på hagen. Hagen brukar å opna for sesongen 1. mai og då går det ikkje mange vekene før rododendronane står i full blomst, seier Ketil Tjore.
Han er nevø til Olav og leiar i foreininga Tjorehagens venner.
Olav døydde i 1998, men hagen og minna om han lever vidare og gleder stadig nye menneske.
Etter Olav sin død har hagen vorte drive av stiftinga Tjorehagen med støtte frå venneforeininga.
I fjor kunne hagen feira 50 års jubileum. Olav bygde opp hagen gradvis og den fekk tidleg form som eit parkanlegg. Då vegen kom på 1970-talet begynte det å koma tilreisande for å kjøpa jordbær av Olav, og dei tok seg gjerne også ein rundtur i hagen. Og hagen vaks og vaks.
– Olav var veldig glad i hagen sin og brukte mykje tid på den. Den store eika som står i hagen, fann han på andre sida av fjorden og frakta heim med båt. Han grov ut eit damanlegg i hagen for hand, og sleit ut mange spadar undervegs. Han fekk kjøpa ein del grunn av naboane slik at hagen kunne veksa, og etter hans død har stiftinga halde fram med å utvikla hagen. No er det over 300 ulike rododendronartar her, kan Ketil Tjore fortelja.
I tillegg til mange flotte rododendronartar husar hagen ei flott steinbru, kafe og ei utstilling der du kan læra meir om hagen og Olav Tjore.
I 2011 arrangerte Tjorehagens venner også eit minneløp i området. Løping var nemleg også ein stor lidenskap for Tjore, og planen er at minneløpet skal verta ein tradisjon.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





