Strilen / Beste / Totlandsfjellet - Sjå dyrelivet på nært hald
Brukernavn 
Passord 
 
Totlandsfjellet - Sjå dyrelivet på nært hald

Totlandsfjellet - Sjå dyrelivet på nært hald

Del | |

- I vårløysinga trefte eg på to otrar som hadde fanga flott ørret frå vatnet ved vassverket.

Publisert 13.05.11 16:04
Endret 13.05.11 16:04

Kommune: Lindås
Tid: 1 – 1 1/2 time tur-retur frå Eknes, men ein kan utvida turen til Bjørge eller Eideåsen og bruka heile dagen, om ein vil.
Rute: Ved Eknes Industrier, kjør forbi. 100 meter derifrå er et vassverk på venstre hand. Parker ved porten på vassverket, og gå langsmed gjerdet på, då ser du merka sti.
Eigna for: For dei fleste, men ikkje barnevogn eller rullestol. Med firhjulingar kjem ein seg nesten til topps.

– Det er ein akkurat passeleg stigning i terrenget opp. Me som er oppi åra kan jo vera litt stive og støle, men når folk går denne turen er dei heilt oppe og går igjen etterpå, seier Alf Bjarne Nilsen i Eknesvågens venner

Foreininga sine kring 100 medlemmar er opptekne av å gjera det triveleg i nærmiljøet, og dei siste åra har dei gjort ein innsats for å tilretteleggja litt i turløypa frå Eknes og opp til Totlandsfjellet, eller Totlandsåsen som den også vert kalla.

Stadig betre
Stien går i lett og fint terreng, men den går gjennom fleire våte parti med myr.

Her har foreininga fått lagt ned klopper, slik at ein kjem seg nokolunde tørrskodd opp.

Lions i Lindås har donert 4000 kroner slik at foreininga skal kunne setja ut kvilebenkar langs stien, dei har planar om å utvida løypa, blant anna mot Bjørge, og å rydda breiare sti, slik at funksjonshemma skal kunna komma heilt til topps med firhjuling.

Tiur, oter og ørret
Nilsen kan fortelja om yrande dyreliv.

– Det er eit utruleg fugleliv der oppe.

Det kvitrar i kvar krik og krok. Hin dagen gjekk eg opp, då fór det opp ein tiur, og det har andre opplevd óg.

I vårløysinga trefte eg på to otrar som hadde fanga flott ørret frå vatnet ved vassverket.

Og så er det hjortefar overalt, så her kan ein få med litt av kvart, seier han.

Kvil i militærhytta
Vel oppe på åsen, på Ørnekulten, ligg ei gamal hytte som tidlegare var i bruk som militær utkikkspost.

– Eikanger Idrettslag hadde gjort ein kjempejobb med å leggja ny kledning på hytta, men det mangla vassbord og taket hang, fortel Nilsen.

Eknesvågens venner reiv taket og bygde nytt og no er hytta open for turgåarar.

– Det er veldig greitt for skuler og barnehager på tur.

Det er i snitt 10 til 20 besøkjande innom hytta og skriv i boka kvar dag.

Neste prosjekt er å få opp ein skorstein og ein liten omn, slik at ein kan varma seg på kalde dagar, får Strilen vita.

Fleire ruter
– Kor lang du vil at turen skal vera bestemmer du sjølv, seier Nilsen og fortel at det går ruter opp både frå Bjørndal, Totland, Vassel, Eideåsen og Ostereidet.

På toppen er det flott utsikt i sør kan ein sjå til Hordvik og Osterøy.

I nord ser ein langt ut i Hindenesfjorden og Bjørge og i aust kan ein sjå inn i Stølsheimen.
– Dette er ein flott tur som mange brukar til rekreasjon. 2. pinsedag vert det også arrangert tofjellstur opp på Totlandsåsen og vidare til Bjørgannipa, med avslutning til Bjørge.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler