Tusenårsstaden Flolid
Stad: Ved Eivindvik.
Type attraksjon: Historisk stad/naturområde.
Endret 17.08.11 17:21
Gulatingsstaden. Tusenårsstad for Sogn og Fjordane fylke. Tradisjonen seier at det var samlingstad for det gamle Gulatinget.
Den største attraksjonen på Flolid i dag, er eigentleg den flotte fjordnaturen. Her er grøne bakkar, fine vikar og eit landskap tilrettelagt for turgåing.
I dette landskapet ligg Bård Breivik sin karakteristiske steinvegg (bilde), laga av granitt frå Kina. Dei 22 steinblokken er sju meter høge og står på rekkje. Dei var på plass i 2003.
Gulatingsstaden vart offisielt innvigd som tusenårsstad i august 2005, og sjølve opninga stod dåverande stortingspresident Jørgen Kosmo for, i ein spektakulær, men svært regnvåt, seremoni.
Framfor steinveggen ligg ein stor stein, som kan fungera som scene.
Og bakkane og skarva tvers over fungerer som eit naturleg amfi når standen vert nytta til teaterframsyningar og konsertar.
Tusenårsstaden er også godkjend for utandørs kyrkjelege brudevigsler, og fleire brudepar har nytta staden.
Bakgrunnen for at Flolid er vald som Sogn og Fjordane fylke sin tusenårsstad, er at tradisjonen seier at det var her bøndene samlast til Gulating i vikingtida og i nesten fem hundre år fram til tinget vart flytt til Bergen rundt år 1300. Bønder heilt frå Setesdal i sør til Sunnmøre i nord samlast her til ting. No stridest dei lærde om Gulatinget låg på Flolid eller i Eivindvik, eit par kilometer lenger ute. Kanskje vart begge stader nytta som tingstad, til ulike tider. Det finst ingen synlege spor i terrenget som kan seia at tinget faktisk låg på Flolid.
I tillegg til steinveggen finn ein på Flolid i dag nokre steinskulpturar, ein sandvolleyballbane, eit anlegg for boccia-spel og ein stad som er tilrettelagd for grilling, eit toalettanlegg og ein parkeringsplass. Men planane for staden er langt større, og nyleg vart det presentert teikningar for det som skal verta visningsbygget på Flolid. Her skal soga om Gulatinget dokumenterast. I tillegg skal visningsbygget innehalda rom for ulike aktivitetar, ein kafe, eit auditorium som kan brukast til konferansar og konsertar, lager, garderobar og toalettanlegg. Utanfor visningsbygget skal det lagast eit amfi der ein kan ha konsertar, teaterframsyningar og andre kulturelle arrangement. Målet er at grunnsteinen for bygget skal leggjast i samband med 200-årsjubileet for Grunnlova i 2014.
For å koma til Flolid med bil må ein følgja Fv 57 til avkøyringa til Eivindvik. Tusenårsstaden er godt skilta og ligg like ved fylkesvegen, mellom vegen og sjøen. Ein kan også koma til Tusenårsstaden med båt.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





