Røde Kors Ungdom Nordhordland:
Ungdom som kan redda liv
• Heldt til: i Knarvik
• Starta: september 2010
• Driven av: Frivillige i Nordhordland Røde Kors Hjelpekors
Endret 19.11.11 16:00
Røde Kors Ungdom Nordhordland er eit tilbod til unge menneske mellom 13 og 30 år. Den ferske ungdomsgruppa lærar å redda liv, nyt naturen og har som mål å inkludera alle som ønskjer det i eit sosialt fellesskap. Kim Espen Karlsen er «ein stolt Røde Kors-frivillig» og ein av fleire som har nominert dei til Nordhordlands beste ungdomstilbod.
– Me lærer mykje om livsviktig førstehjelp, behandling av skadar som brot, blødingar og hjartestans. Me lærer å tenna bål i skog og mark, reglar i krig og om rettferd, inkludering og likeverd for menneske i heile verda, seier Karlsen.
– Ofte reiser me på sosiale og koselege turar til Røde Kors-hytta, som ligg i nærleiken av Romarheim. Der kosar me oss med godteri, brettspel, film, står på ski, kjører snøscooter og har det alt i alt kjempekjekt, seier han.
Leiar for Røde Kors ungdom i Nordhordland er Stig Krossøy Nordvik.
– Folk forventar å halda på med førstehjelp og friluftsliv hjå oss, og det får dei, men me har og mange andre kurs og aktivitetar for ungdom, seier Nordvik.
Ungdomsgruppa har blant anna to instruktørar som underviser i korrekt bruk av kondom, og gir kunnskap om dei mest vanlege kjønnssjukdommane. Dei er òg med på kampanjar og prosjekt gjennom landsforeininga, som til dømes kampanje mot barnesoldatar. Det kjem rundt ti ungdommar til kvar samling, men Nordvik legg vekt på at dei har rom for alle som har lyst å komme.
– Me er enno ei fersk gruppe, og ønskjer alle velkomne, enten du er herifrå, har flytta hit frå Bodø eller har komme til regionen som flyktning. Me har eit breitt fagfelt med mange ulike aktivitetar og kurs for dei ulike aldersgruppene, seier ungdomsleiaren.
– Om ein ikkje veit kva ein har lyst til, er det berre til å møta opp, så finn me noko som passer.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





