Strilen / Beste / Ungdomslag som veit å utmerka seg
Brukernavn 
Passord 
 
Ungdomslag som veit å utmerka seg

Lindås ungdomslag

Ungdomslag som veit å utmerka seg

Del | |

– Søkjer de etter kandidatar til beste frivillige lag/organisasjon er det eitt lag de ikkje kjem utanom. Det er Lindås ungdomslag, slik startar ein e-post som Svein Gjelsvik har sendt til avisa. Og det er liten tvil om at ungdomslaget på Lindås har utmerka seg positivt dei siste åra.

Publisert 17.03.11 22:10
Endret 17.03.11 22:03

•    Starta: skipa i 1884
•    Medlemmar: ca. 70
•    Heldt til: i Haugatun på Lindås
•    Aktivitetar: Har grupper som driv med songleik, dans, foto/video og revy.

Ungdomslaget si framsyning av musikalen «My Fair Lady» nådde ikkje berre framsidene av lokalavisene, men sikra også laget omtale i Bergens Tidende og på NRK1.

Lindås ungdomslag er svært aktivt og har levert musikalar og revyar av høg kvalitet. Laget har også sett opp Spelemannen på taket og Greace i tillegg til årlege revyar. Det meste har trekt fullt hus både ein og to gongar.

Men ungdomslaget er meir enn ei revygruppe. Det har ei lang historie som strekkjer seg heilt tilbake til 1884, og har engasjert folk i bygda i generasjonar. – Den eldste styreprotokollen som er funne er frå 1893. Den gongen var det ein lærar ved namn Øvretveit som var formann, kan ein lesa på laget sine internettsider.

I tidlegare tider var laget oppteke av opplysningsarbeid og på festar og tilstellingar kunne det vera både fem og seks talarar og foredrag av opplysande karakter, heiter det vidare.

I dag engasjerer laget 70 medlemmar frå sju til 70 år og laget er delt inn i fem grupper. Gruppe ein til fire driv med alt frå songleikar og dans og opp til dei eldste som er meir reindyrka revy og teaterfolk.

I tillegg har laget no starta opp ei foto/videogruppe. Denne gruppa står for filming og fotografering av dei forskjellige aktivitetane i dei andre gruppene og filmar framsyningane. Til dømes jubileumsframsyninga for Aslaug Låstad Lygre som fekk namnet «Det raude sjalet».

Med så mange grupper i sving er det aktivitet i ungdomshuset store delar av veka.

– I ungdomslaget har me ei haldning om at ingen skal måtta stå utanfor, alle skal få vera med og me har i mange år hatt eit godt samarbeid med Lindås Lærings- og utgreiingssenter. Dette samarbeidet har gjeve alle partar mykje, seier Gjelsvik, og fortel at maken til speleglede og scenesjarm som ein finn i denne gjengen skal ein leita lenge etter.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler