Vardetangen er beste turløype
Arnt Lundal og Helge Dyrkolbotn fann roen ute mot havet. Der plukka Strilen-lesarane ut den beste turløypa.
Endret 11.06.11 02:04
– Kvart år er det kring 4.500 namn i boka her på Vardetangen. Turløypene i kommunen er strålande sett ut frå å heva folkehelsa, seier Austrheim sin «PR-agent» Helge Dyrkolbotn.
Torsdag ettermiddag fann både han og grunneigarrepresentant Arnt Lundal roen på vestlegaste punktet i fastlands-Noreg. Det er det berre Austrheim som kan reklamera med.
Kniva med Bjørn West
Ingen av dei to legg skjul på at dei er nøgde med lesarane sin val. Kåringa i mai enda opp med at Vardetangen drog det lengste strået i kåringa «Beste turløype i Nordhordland».
Vardetangen og Bjørn West-marsjen kniva lenge om topp-plassen. Løypa ute i havgapet vann til slutt med 244 mot 194 stemmer.
Torsdag kunne rådmann Jan Olav Osen og Kristin Nesbø ved Servicetorget ta imot litt av heideren frå avisa - diplom og ein blomsterbukett.
Torv og tiur
Dei som er ute og går tidleg på dag, kan oppleva tiur langs løypa. Som kjentmann peikar Arnt Lundal på ein husmannsplass i Torvneset som er under opprusting, tett ved turløypa.
På veg mot Vardetangen kan turgåarar og leggja turen om ein av kommunen sine flottaste badeplassar, Årvikane.
På vegen diskuterer Dyrkolbotn og Lundal om det kan reisast pengar til ei litt større satsing: Å gjera delar av løypa tilgjengeleg for brukarar av rullestol.
Det som kan koma først, er kanskje ei økt med motorsag på ein av haugane stien går over.
– Her var det før vidt og flott utsyn. No er det grodd til med kratt og småskog som bør vekk, seier Lundal. Dyrkolbotn er ikkje usamd.
Vil utvikla vidare
Strilen tok også turen i vinnarløypa, medbringande eit metallskilt som skal på plass for å informera om tittelen «Beste turløype».
Helge Dyrkolbotn ser fram til endå meir marknadsføring enn Strilen si kåring bidreg med.
– Vardetangen er ein av 100 turar som har kome med i «Vandring Hordaland», eit opplegg fylkeskommunen driv PR for og støttar økonomisk. Nordhordland Reiselivslag står for samordninga lokalt, opplyser Dyrkolbotn.
Han vil håpar tilskot kommunen får til Vardetangen-løypa, og vil utløysa ekstra frivillig innsats.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





