Strilen / Beste / Vardetangen – noregs vestlegaste fastlandspunkt
Brukernavn 
Passord 
 
Vardetangen – noregs vestlegaste fastlandspunkt

Vardetangen – noregs vestlegaste fastlandspunkt

Del | |

Austrheim har ingen høge fjell å skryta av, men flott natur er det mykje av i kommunen med sjø og hav som nærmaste nabo.

Publisert 13.05.11 15:10
Endret 13.05.11 15:09

Kommune: Austrheim
Tid: ca. 30 minutt
Rute: To alternativ. Enten frå moloen på Fonnes eller frå snøggbåtkaien på Vardetangen.
Høgde over havet: berre nokre få meter.
Eigna for: Alle. Lettgått sti.

Dette er også kommunen som kan skryta av Noregs vestlegaste fastlandspunkt.

Det finn du på Vardetangen nærmare bestemt på 4 grader 56' 58" austleg leng.

– Me ligg faktisk lenger vest enn Vestkapp på Stadtlandet, sjølv om dei hevdar noko anna, flirer Helge Dyrkolbotn i Austrheim kommune.

Han kan fortelja at turløypene til Vestkapp er mykje brukte, og at grunneigarar i området nyleg har gjort ein fin jobb med å gjera løypene endå litt betre.

– I 2010 var det nesten 4000 som skreiv seg inn i turboka på Vardetangen, kan han fortelja.

Og austrheimingane er flinke til å utnytta ressursane i nærmiljøet til rekreasjon og sport.

Havsport og kystkultur er eit satsingsområde, og tek du turen til Vardetangen kjem du tett på sjøen.

Det er to ruter å velja mellom. Begge er lettgådde og går i flatt terreng.

Ruta frå snøggbåtkaien på Vardetangen er kortaste alternativ, og her er det godt tilrettelagt med benkar.

Ved snøggbåtkaien kan du sjå ein nyrestaurert jordkjellar og stien går gjennom lyngheiane, som er så typisk for kystlandskapet her.

Undervegs kan du også sjå ut i havet på tankbåtane som ligg og ventar på å få gå til kai på Mongstad.

Og ingen treng vera i tvil om når dei har kome fram til det vestlegaste punktet på fastlandet.

Det er tydeleg markert med varde og skilt.

Det er også laga ein eigen pins for Vardetangen, for dette er ein attraksjon som vert brukt aktivt i marknadsføringa til kommunen.

– Alle som bur i Nordhordland bør gå denne turen ein eller annan gong.

Lenger vest kjem du ikkje på fastlandet i Noreg, og det er litt stas, meiner Dyrkolbotn.
 
 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler